Semestre
MGL5-10NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk
Byggjer på kunnskapar tilsvarande MGL5-10NA1A, som kan takast parallelt.
Undervisninga i MGL5-10NA1B, saman med MGL5-10NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag på mellom- og ungdomssteget i grunnskulen tilsvarande naturfag 1 i nasjonale retningslinjer for fem-årig grunnskulelærarutdanning steg 5-10. Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. På grunnlag av etablert og ny kunnskap/forsking frå naturvitskap og fagdidaktikk, og i samspel med skulepraksis, vil ein utdanne reflekterte lærarar med evne til å gje undervisning i teoretiske, praktiske og haldningsskapande sider av faget, både i overgangen mellom barne- og ungdomssteget og mellom ungdomssteget og vidaregåande opplæring. Naturfag er eit tverrfagleg fag med eit mangfald av arbeidsmåtar, noko som også vil avspegle innhaldet i emnet. Biologi og geofag er fagområde som er prega av både arbeid i laboratorium og undersøkingar i felt, og dette blir avspegla i den praktiske undervisninga i studiet. Faga er også prega av sine eigne fagspråk, «literacies», og slik er kunnskap om faga sine tankemåtar, arbeidsmåtar, og språk vesentlig for ein lærar. Naturvitskapane er utforskande av natur, noko som også må avspegle faget som skule- og lærarutdanningsfag. Sett under eitt vil desse trekka ved naturfag gje grunnlag for eit mangfald av arbeidsmåtar, noko som er lagt til rette for gjennom ulike arbeidskrav i emnet. Berekraftig utvikling er eit viktig omgrep innan naturfaga. Utdanning for berekraftig utvikling er inkludert i dette emnet og vert knytt til temaet som fagovergripande i lærerutdanninga generelt.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- skal ha faglege og fagdidaktiske kunnskapar i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag
- skal ha kunnskap om arbeids- og tankemåtar innan naturvitskap og måtar å legge til rette for dette i naturfagundervisning for mellom- og ungdomssteget
- skal ha kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av naturfaglege omgrep, arbeids- og tankemåtar, inkludert overgang frå grunnskule til vidaregåande skule
- skal ha fagdidaktisk kunnskap om planlegging av variert undervisning i naturfag
- skal ha kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker og eiga undervisning
- skal ha kunnskap om berekraftig utvikling som disiplinfagleg felt og utdanning for berekraftig utvikling som fagdidaktisk felt
- skal ha kunnskap om bygnad og funksjon til celler og nokre sentrale organ/organsystem i menneskekroppen og korleis dei blir påverka av livsstil og helse
- skal ha kunnskap om artar og grupper av organismar som er vanlege i norsk natur og korleis dei har utvikla seg gjennom tilpassing til miljøet
- skal ha kunnskap om viktige prosessar og miljøutfordringar i økosystem og om naturtypar som er aktuell i feltarbeid på mellom- og ungdomstrinnet
- skal ha kunnskap om jorda sin plass i universet, dei einskilde delane av solsystemet og korleis desse flyttar seg i forhold til kvarandre
- skal ha kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og bergartane sitt krinslaup, inkludert kjennskap til utvalde norske mineralar og bergartar
- skal ha kunnskap om, og erfaring med, tryggleik og tryggleiksrutinar ved arbeid i laboratorium og i felt
Studenten
- skal ha praktiske ferdigheter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå biologi og geofag, slik som å nytte relevant utstyr, undervise i felt og gjennomføre aktivitetar med naudsynte tryggleikstiltak
- skal kunne planlegge og utføre allsidig undervisning i skulefaget naturfag innanfor ulike rammer og samanhengar
- skal ha ferdigheiter i å undervise og vurdere elevar si læring tilpassa den einskilde elev sine evner og føresetnader
- skal utvikle evne til å nytta naturfaglege tema som ein viktig del av fleir- og tverrfagleg undervisning
- skal kunna planlegge, utføre og reflektere over eiga undervisning på ungdomssteg på grunnlag av fagdidaktisk forsking, teori og praksis
- skal kunna planlegge og utføre naturfagundervisning der grunnleggjande ferdigheiter og digital kompetanse er ein tydeleg og integrert del av faget
- kan gjennomføre undervisning der teknologi blir knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- skal kunne nytte kunnskapar og ferdigheiter på sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evne til refleksjon og kritisk tenking
- skal kunne knyte rolla som naturfaglærar til etiske, sosiale, økonomiske og politiske problemstillingar som vedkjem naturvitskap og teknologi i samfunnet
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Arbeidskrava vil verte gjevne i form av individuelle innleveringar eller gruppearbeid. Den praktiske undervisninga består av to økter ved HVO pr. semester, kvar på 3 dagar. Nærare informasjon om dette vert gjeve i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7).
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå to laboratorieøvingar/feltarbeidsøkter
- levere samlerapportar frå alt anna laboratorie- og feltarbeid
- bestå ei artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar
- ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Minst ein av fagrapportane skal vere knytt til eigen skulepraksis, og alle rapportar skal knytast til aktuelle kompetansemål i gjeldande læreplanverk. Arbeidskrava må vere godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljer knytt til arbeidskrava vert kunngjorde i semesterplanen.
Sensur vert gjennomførd i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Ingen
Ingen
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | Stått eller ikkje stått | Alle hjelpemiddel tillatt |