Semestre

MGL5-10NA1B Naturfag 1B: Biologi, geofag og fagdidaktikk

Emnekode: 
MGL5-10NA1B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Byggjer på kunnskapar tilsvarande MGL5-10NA1A, som kan takast parallelt.

Om emnet

Undervisninga i MGL5-10NA1B, saman med MGL5-10NA1A, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for naturfagundervisning i grunnskulen på 5.-10. steg (jmf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 5.- 10. trinn).  

Emnet tek for seg tema i biologi, geofag og fagdidaktikk. Anatomi, fysiologi, økologi, berekraft og landformande prosessar er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for elevane sin progresjon i kunnskap og ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for undring, utforsking og trene i argumentasjon er ein viktig del av denne kompetansen. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha

  • kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag 

  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning 

  • kunnskap om anatomi og fysiologi hjå plantar og dyr  

  • kunnskap om bygnad og funksjon til nokre sentrale organsystem hjå mennesket og korleis dei blir påverka av livsstil og helse 

  • kunnskap om økologi, berekraft og miljø- og klimautfordringar, samt korleis undervise desse tema gjennom tverrfagleg undervisning og ved bruk av læringsaktivitetar inne og ute 

  • kunnskap om ulike naturtypar og biologisk mangfald, samt kunne namnsette og ha kunnskap om artar tilpassa norsk natur 

  • kunnskap om ytre og indre geologiske prosessar på jorda og korleis desse har vore med på å forme landskapet 

Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • planlegge, gjennomføra og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 5.-10. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på utforskande arbeidsmåtar og grunnleggande ferdigheiter 

  • gjennomføra praktisk undervisning i biologi og geofag inne og ute med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy 

  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag 

Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag 

  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag  som utgangspunkt for naturfagundervisning 

  • kan legge til rette  for overgangen frå barnetrinn til ungdomstrinn og frå ungdomstrinn til vidaregåande skule  

  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga i emnet er organisert i form av førelesingar, digitale økter, oppgåveløysing og praktisk arbeid i laboratorium og i felt. Nærmare informasjon om organisering av emnet vert gjeve i semesterplanen.  

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). 

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav: 

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvingar/feltarbeidsøkter 

  • levere samlerapportar frå alt anna laboratorie- og feltarbeid 

  • bestå ei artsprøve basert på ei liste på 150 pensumartar 

  • ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve 

Detaljer knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.  

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.  

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Carlos Magnusson
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ingen
Godkjent av: 
Arne Myklebust