Semestre
MGL5-10NO2A Norsk 2A: Litteratur, kultur og danning
Norsk 2A er eit emne med hovudvekt på litteratur, kultur og danning i skulefaget norsk. I dette emnet står samanhengen mellom tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal tileigne seg utvida, forskingsbasert innsikt i fagdidaktiske spørsmål, mellom anna i norskfaget som kultur- og danningsfag. Studentane skal studere den nordiske tekstkulturen slik han er i dag med det utvida tekstomgrepet, og slik den har vore, gjennom arbeid med eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og frå ulike perspektiv. Vidare skal studentane få innsikt i eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten
- har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert tekstutval: munnlege, skriftlege og multimodale tekstar; fiksjon og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og samtid
- har brei kunnskap om litteraturhistorie og litteratur frå ulike tider – for barn, unge og vaksne
- har brei kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
- har kunnskap om norskfaget som danning- og reiskapsfag
- har brei kunnskap om skriving og læringsfremmande vurdering
- har kunnskap om dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget
Studenten
- kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
- kan lese og analysere, planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål
- kan vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på tekstutval og læring for alle elevar
- kan legge til rette for variert arbeid med litteratur i tradisjonelle og nye medium
- kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar
Studenten
- har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
- kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy.
Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Arbeidskrav:
- Eit munnleg arbeidskrav som gruppeoppgåve der studentane arbeider med ein multimodal produksjon og presenterer ein didaktisk refleksjon over arbeidet
- To skriftleg arbeidskrav på 1500 ord (+/- 10%). Tekstane skal vere knytt til litteraturdidaktikk og norskfaget som danningsfag, i tillegg til relevante praksiserfaringar. Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Hjelpemiddel: alle | Eksamen er på 2000 ord (+/-10%). |
Målform: nynorsk
Karakterskala: A-F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.
Sensurordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.