Semestre

MGL5-10NO2A Norsk 2A: Litteratur, kultur og danning

Emnekode: 
MGL5-10NO2A
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2020 Haust
Eksamenssemester: 
2020 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10NO1A Norsk 1A: Norsk på mellomsteget
MGL5-10NO1B Norsk 1B: Norsk på ungdomssteget
Om emnet

Norsk 2A er eit emne med hovudvekt på litteratur, kultur og danning i skulefaget norsk. I dette emnet står samanhengen mellom tekst i fortid og samtid sentralt. Studentane skal tileigne seg utvida, forskingsbasert innsikt i fagdidaktiske spørsmål, mellom anna i norskfaget som kultur- og danningsfag. Studentane skal studere den norske tekstkulturen slik han er i dag med det utvida tekstomgrepet, og slik den har vore, gjennom arbeid med eit mangfald av tekstar i ulike sjangrar og frå ulike perspektiv. Vidare skal studentane få innsikt i eit breitt spekter av arbeidsmåtar, slik at dei skal få ei utvida forståing av samanhengen mellom fag, fagdidaktikk og praksis.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten

  • har brei kunnskap om kva som kjenneteiknar eit variert tekstutval: munnlege, skriftlege og multimodale tekstar; skjønnlitteratur og sakprosa i ulike sjangrar og medium; tekstar frå fortid og samtid
  • har brei kunnskap om litteraturhistorie og litteratur frå ulike tider – for barn, unge og vaksne
  • har brei kunnskap om litteraturteori og litteraturdidaktikk
  • har kunnskap om norskfaget som danning- og reiskapsfag
  • har kunnskap om norskfaglege digitale verktøy  
  • har eit kritisk og vurderande blikk på tekstkultur
  • har kunnskap om dokumentanalyse som relevant forskingsmetode i norskfaget   
Ferdigheiter

Studenten

  • kan lese og analysere, planlegge, gjennomføre og vurdere arbeid med litterære tekstar frå ulike perspektiv og for ulike formål
  • kan vurdere norskfaglege læremiddel med tanke på tekstutval og læring for alle elevar
  • kan legge til rette for variert arbeid med litteratur i tradisjonelle og nye medium 
  • kan bruke kunnskap om grammatikk og språk, tekstar og litteratur i analyse av munnlege, skriftlege og multimodale tekstar 
  • kan finne fram til, forstå, vise til og reflektere over relevant norskfagleg forskingslitteratur og skrive akademiske fagtekstar
Generell kompetanse

Studenten

  • har innsikt i grunnskolefagets historie og i sentrale faglege, fagdidaktiske og yrkesetiske problemstillingar
  • kan formidle fagstoff om språk, litteratur, tekstar og medium skriftleg og munnleg og gjennom andre relevante uttrykksformer
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisingsformene vekslar mellom plenumsforelesing, seminar med studentaktivitet, arbeid i basisgrupper og individuelt arbeid. Det er ein føresetnad at studentane tileignar seg lærestoff gjennom sjølvstudium utanom den organiserte undervisningstida. Studentane skal gjennom heile studiet bruke språket aktivt i skriftleg og munnleg kommunikasjon med medstudentar og faglærarar – mellom anna i form av faglege framlegg og med støtte i digitale verktøy.

Ved sidan av dei obligatoriske arbeidskrava som er presiserte nedanfor, vil studentane bli møtte med forventningar om aktiv deltaking gjennom heile studieprosessen.

 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.

Arbeidskrav:

  • Eit munnleg arbeidskrav som gruppeoppgåve der studentane arbeider med ein multimodal produksjon og presenterer ein didaktisk refleksjon over arbeidet
  • To skriftleg arbeidskrav på 1500 ord (+/- 10%). Tekstane skal vere knytt til litteraturdidaktikk og norskfaget som danningsfag, i tillegg til relevante praksiserfaringar. Den eine teksten skal vere skriven på bokmål og den andre på nynorsk. Det vert elles gitt nærare informasjon om arbeidskrava i semesterplanen.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning, sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 4-6 http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697. Studentane må vere budde på mindre oppgåver knytt til undervisninga i tillegg til arbeidskrava.  

Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Marit-Lovise Brekke
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
5 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Individuell heimeeksamen: Eksamen går over ei veke og er knytt opp mot sentrale emne i kurset, samtidig som formelle krav til akademisk tekst og referansebruk blir vurdert.

Målform: nynorsk
Karakterskala: A-F, der A er beste karakter og E er siste ståkarakter.
Sensurordning
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.
Hjelpemiddel: alle
Eksamen er på 2000-2500ord.
Godkjent av: 
Arne Myklebust