Semestre

MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling

Emnekode: 
MGL5-10PE1
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5-10. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 13 stp. pedagogikk og 2 stp. religion, livssyn og etikk.   

Emnet tek føre seg korleis læraren kan legge til rette for elevane si læring og utvikling på 5.-10. trinn, med særleg vekt på mellom- og ungdomstrinnet. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, klasseleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om

  • læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet
  • sentrale didaktiske prinsipp for undervisningsarbeid på mellom- og ungdomstrinnet
  • teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for klasseleiing på mellom- og ungdomstrinnet
  • varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
  • observasjon som reiskap for lærararbeidet
  • lærarprofesjonen, og lærarrolla i det fleirreligiøse og livssynsmangfaldige klasserommet
  • etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
  • dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på mellom- og ungdomstrinnet
  • sentrale styringsdokument som regulerer skulen si verksemd
Ferdigheiter

Studenten kan

  • planlegge undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk
  • engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar
  • forstå og engasjere seg i elevane sine læringsprosessar
  • diskutere og fagleg grunngje didaktiske og etiske val
  • planlegge og gjennomføre systematisk observasjon
  • meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte
Generell kompetanse

Studenten kan

  • på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i godt samspel og kommunikasjon med eleven 
  • innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisningsformene vekslar mellom plenumundervisning, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i skriftlege og digitale uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget pedagogikk og elevkunnskap, legg ein vekt på munnleg kommunikasjon med studentane om deira praktiske erfaringar og teoretiske forståingsmåtar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

  • Ei skriftleg, gruppebasert oppgåve på 2000 ord, bygd på observasjon av lærarens sitt arbeid
  • Ein individuell, teoretisk refleksjonstekst på 1200 ord 
Sensorordning
Maksimumstal: 
65
Emneansvarleg: 
Iselin Vatnehol
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Skriftleg eksamen
Individuell
4 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Arne Myklebust