Semestre
MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Ingen.
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning trinn 5-10. Emnet er første del av faget Pedagogikk og elevkunnskap, og inneheld 15 stp. pedagogikk.
Emnet tek føre seg korleis læraren kan legge til rette for elevane si læring og utvikling på 5.-10. trinn, med særleg vekt på mellom- og ungdomstrinnet. Det vert teke utgangspunkt i fem område som grunnlag for utvikling av profesjonskompetanse. Desse områda er lærarrolla, læringsteori, didaktikk, klasseleiing og profesjonsetikk. Det er læraren sitt arbeid i møte med eleven, elevgruppa og lærestoffet som er i sentrum. Forskingsbasert kunnskap om læring og undervisning står sentralt, og studentane skal få ei første erfaring med forskingsarbeid knytt til praksis.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om
- læringsteoriar og sentrale prinsipp for fremjing av gode læringsprosessar for elevar på mellom- og ungdomstrinnet
- sentrale didaktiske prinsipp for undervisningsarbeid på mellom- og ungdomstrinnet
- teori om utvikling av læringsmiljø og grunnleggande prinsipp for klasseleiing på mellom- og ungdomstrinnet
- varierte arbeids- og vurderingsformer for elevane
- observasjon som reiskap for lærararbeidet
- lærarprofesjonen, og lærarrolla i det fleirreligiøse og livssynsmangfaldige klasserommet
- etisk teori og grunnleggande profesjonsetiske prinsipp og dilemma som regulerer undervisning og læring i skulen
- dei grunnleggande ferdigheitene som ressurs for læring på mellom- og ungdomstrinnet
- sentrale styringsdokument som regulerer skulen si verksemd
Studenten kan
- planlegge undervisningsarbeid i samsvar med faglege og profesjonsetiske prinsipp og gjeldande læreplanverk
- engasjere seg i læringsfremjande relasjonar med elevar
- forstå og engasjere seg i elevane sine læringsprosessar
- diskutere og fagleg grunngje didaktiske og etiske val
- planlegge og gjennomføre systematisk observasjon
- meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte
Studenten kan
- på eit reflektert og fagleg grunnlag vere i godt samspel og kommunikasjon med eleven
- innta ei lærarrolle som er i samsvar med grunnleggande profesjonsetiske og faglege prinsipp
Arbeidsmåtane vekslar mellom plenumundervisning, seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt. Arbeidskrava har til hensikt å støtte studentane i deira læringsprosessar, gjennom rettleiing og øving i skriftlege og digitale uttrykksformer. I og med at dette er studentane sitt første møte med faget pedagogikk og elevkunnskap, legg ein vekt på munnleg kommunikasjon med studentane om deira praktiske erfaringar og teoretiske forståingsmåtar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Arbeidskrav:
- Det er to skriftlege arbeidskrav i emnet.
- Studenten skal delta på seminar knytt til begge arbeidskrava.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Skriftleg eksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |