Semestre
MGL5-10SA1A Samfunnsfag 1A: Natur og samfunn i Noreg
Samfunnsfag i grunnskulelærarutdanninga er eit profesjonsretta og forskings- og erfaringsbasert studium der teori og praksis verkar saman. Studiet kvalifiserer mellom anna til å planlegge, gjennomføre og kritisk analysere undervisning i samfunnsfaget, med utgangspunkt i refleksjon over elevar si læring. Barn og unge sin rett til opplæring i tråd med opplæringslova og gjeldande læreplanverk for 5. – 10. trinn er grunnlaget for studiet.
Samfunnsfag i grunnskulen er samansett av geografi, historie, samfunnskunnskap og utforskaren. Alle tre faga er med og dannar innhaldet i alle emna i samfunnsfag, medan utforskaren er tema i emne SAM1A Natur og samfunn i Noreg og SAM2B Regionstudium. Utforskaren handlar om samfunnsfaglege problemstillingar, å sjå ting frå ulike synsvinklar og å drøfte samfunnsfag med rett bruk av omgrep. Undervisningstema i Samfunnsfag 1A i geografi er geologi og landskap, demografi og ressursar. Forståinga av det romlege perspektivet, og evne til å sjå samanhengar mellom det lokale og det globale, natur og samfunn, står sentralt. I historie er viktingtid og mellomalder, bustad og byggeskikk og lokale kjelder til historieundervisning vektlagt. Faget skal fremje oversikt over ulike historiske periodar, korleis vi arbeider med historiske kjelder, formar forteljingar om fortida og brukar historie i notida. I samfunnskunnskap er sosialisering, det fleirkulturelle samfunnet, og økonomi og samfunn undervisningstema. Samfunnskunnskap gir innsikt i korleis menneske skaper ulike former for samhandling i form av sosiale nettverk, organisasjonar, institusjonar og samfunn. Kva fordeling av ressursar og makt har å seie for sosial ulikskap, ekskludering og konflikt er viktig i denne samanhengen. Fagdidaktikk er tema i alle tre faga. Her blir det lagt vekt på innhaldet i faga som skulefag, faga si legitimering og korleis elevar og lærarar møter faga i skulen. I utforskaren arbeider studentane med grunnprinsippa for samfunnsvitskapleg tenking og forskingsmetode. Dette er eit viktig grunnlag for å arbeide med samfunnsfaget.
Arbeid med individuelle skriftlege oppgåver i både geografi, historie og samfunnskunnskap skal øve studentane til å arbeide sjølvstendig med faglege spørsmål. Skrivearbeidet strekk seg over heile semesteret, dannar grunnlag for vurderinga, og gir ein samanheng mellom læringsutbytte og vurdering i emnet.
Kunnskapar og ferdigheiter i emnet er resultat av teoretisk studiearbeid saman med refleksjon over eigen praksis. Eit godt læringsutbytte krev eigeninnsats gjennom sjølvstudium, deltaking i undervisning og praksis, samt diskusjon og refleksjon i gruppe eller plenum over relevante problemstillingar. Samfunnsfagstudiet legg til rette for profesjonslæring hos den enkelte. Studiet kvalifiserer også til å vidareutvikle samfunnsfaget og skulen som institusjon for læring og danning for demokrati i eit globalt samfunn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om utvalde teoriar og metodar i geografi, historie og samfunnskunnskap
- kunnskap om fagdidaktisk teori og forsking i møte med samfunnsfag som skulefag
- kunnskap om historieforståing og historiebruk mellom barn og unge
- kunnskap om kulturelt mangfald i Noreg, om samane som urfolk, og kjennskap til urfolksproblematikk i internasjonalt perspektiv
- kunnskap om stad og landskap som natur, kultur og historie
- kunnskap om bustad og byggeskikk som kultur og historie
- kunnskap om sosialisering, identitetsdanning og ulikskap i eit samfunnsfagleg perspektiv
- kunnskap om leiing av læreprosessar og arbeidsmåtar i samfunnsfag i skulen
Studenten skal
- kunne leie gode læringsprosessar i samfunnsfag med utgangspunkt i ulike arbeidsmåtar og mål for undervisninga
- kunne arbeide med verdiar og haldningar i samfunnsfag, fremme respekt for mangfald, og bruke dette som ressurs i arbeidet med elevane
- kunne finne, vurdere og bruke ulike typar samfunnsfaglege kjelder for å legge til rette for gode læringsprosessar
- ha kjennskap til korleis samfunnsvitskaplege metodar kan nyttast for å svare på faglege spørsmål
- kunne skrive fagtekstar etter vitskaplege kriterium om ulike samfunnsfaglege tema
- kunne meistre norsk munnleg og skriftleg på ein kvalifisert måte.
Studenten skal kunne
- reflektere sjølvstendig og kritisk over samfunnsfaglege spørsmål
- oppdatere seg fagleg og reflektere over eigen praksis
Aktuelle arbeidsformer er litteraturstudium, klasseundervisning, gruppearbeid, rettleiing, praksis, skriftlege arbeid og korte ekskursjonar. Denne variasjonen er viktig for å nå læringsutbytta i emnet. Bruk av digitale verktøy er ein viktig del av emnet. Studentane vil nytte tilgjengeleg programvare og ressurssider på internett for løysing av oppgåver og for å tileigne seg kunnskap innanfor emnet. Læreplan- og lærebokanalyse, undervisningsplanlegging og lærarrolla i faget er i fokus dei første praksisperiodane på mellomtrinnet i studiet.
Frammøtekrav:
Obligatorisk oppmøte til alle timeplanfesta aktivitetar, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §7-3.
Arbeidskrav:
Skrive tre oppgåver kvar på 2 300-3 000 ord (ei i geografi, ei i historie og ei i samfunnskunnskap). Det er obligatorisk rettleiing knytt til kvar av dei tre oppgåvene.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ved sluttvurderinga vert ei av innleveringsoppgåvene (geografi, historie eller samfunnskunnskap) trekt ut og vurdert. Det arbeidet som vert uttrekt, utgjer eksamen | Skriftleg oppgåve. Om lag 2300-3000 ord |