Semestre

MGL5-10SA3B Samfunnsfagleg utforsking

Emnekode: 
MGL5-10SA3B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Perspektiv på samfunnsfagdidaktikk
Om emnet

Emnet legg vekt på studenten si evne til å utvikle problemstillingar som gjer eit godt grunnlag for samfunnsfagleg utforsking. Studenten skal oppøve evne til å ta i bruk digitale verktøy for å rapportere om samfunnsfaglege funn. Emnet vil også øve opp studenten si praktiske evne til å strukturere og skrive gode samanhengande tekstar, og utvikle studenten si evne til å visualisere samfunnsfaglege funn.

Arbeidet med arbeidskrav i emnet vil medverke til å utvikle studenten sine praktiske ferdigheiter knytt til utforsking og skriving i samfunnsfaget. Emnet skal også medverke til å utvikle studenten sine ferdigheiter i kritisk vurdering av samfunnsfagleg forsking og samfunnsfaglege tekstar. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • djupnekunnskap om utforsking knytt til samfunnsfag
  • digitale ferdigheiter knytt til utforsking og skriving av samfunnsfaglege tekstar
  • inngåande kunnskap om strukturering og skriving av samfunnsfaglege tekstar
Ferdigheiter

Studenten kan

  • forholde seg kritisk til samfunnsfaglege tekstar og forskingsartiklar
  • finne forsking og erfaringskunnskap som er relevant i samfunnsfag
  • formulere gode samfunnsfaglege problemstillingar
  • skrive korte artiklar basert på samfunnsfagleg empiri
  • visualisere samfunnsfaglege funn
Generell kompetanse

Studenten kan

  • reflektere over samfunnsfaglege problemstillingar på eit avansert nivå
  • skrive gode akademiske samfunnsfaglege tekstar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom forelesingar, klasseromsundervisning og arbeid individuelt og i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt vekt på utvikling av studentane sin praktiske kompetanse innanfor samfunnsfagleg utforsking og skriving.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Levere tre arbeid knytt til kompetansemål i emnet gjennom semesteret.
  2. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Sensorordning
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Ådne Meling
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
4 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten skal skrive ein vitskapeleg artikkel over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følgje vanlege reglar for kjeldebruk og referansar.
2500-4000 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar)
Godkjent av: 
Jorunn Sem Fure