Semestre

MGL5-10SA3B Samfunnsfagleg utforsking

Emnekode: 
MGL5-10SA3B
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Master
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10SA2B Samfunnsfag 2B - Perspektiv på samfunnsfagdidaktikk
Om emnet

Emnet utforskar deltaking og samhandling i digital kultur og offentligheit. Digitale medium har endra vilkåra for kommunikasjon og deltaking i offentlegheita. Nye kulturuttrykk og distribusjonsformer har vakse fram, og gitt digitale fellesskap. 

Emnet legg vekt på problemstillingar retta mot korleis digitale medium påverkar samfunnsdebatten og demokratiske prosessar, kva moglegheiter digitale kanalar gir for deltaking i offentlegheita og for utvikling av digital identitet og medborgarskap. Emnet dreiar seg elles om korleis digitaliseringa endrar tilgangen til og forståinga av kulturuttrykk som til dømes film, foto og litteratur og didaktisk bruk av ulike digitale ressursar i skulen. Problemstillingane blir utforska med utgangspunkt i forskjellige perspektiv og fagtradisjonar, som historie, kjønnsstudiar, etnografiske studiar, medievitenskap og didaktikk. Sentrale tema er sosiale media, digital kjeldekritikk, og digitalt medborgarskap.

Arbeidet med pensum og arbeidskrav i emnet vil bidra til å utvikle studenten si tenking omkring digital kultur og offentlegheit, korleis ein kan stimulere til kritisk tenking og digital danning hos elevar i grunnskulen, og studenten sine ferdigheiter i vurdering av forsking og akademisk skriving.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • djupnekunnskap om forsking om digital kultur og offentligheit.
  • djupnekunnskap om digitale ferdigheiter i samfunnsfag
  • inngåande kunnskap om mediekvardagen i skule og samfunn, både i norske og internasjonale samanhengar.
  • inngåande kunnskap om den historiske bakgrunnen for dagens digitale mediesamfunn
  • inngåande kunnskap om korleis digital teknologi kan brukast i undervisningssamanheng
Ferdigheiter

Studenten

  • kan bidra til elevane si utvikling av digital medborgarskap og bevisstheit om deira ansvar og rett til deltaking
  • kan finne forsking og erfaringskunnskap som er relevant i undervisning
  • kan vurdere og bruke relevante læremidlar, digitale verktøy og ressursar i opplæringa, og gi elevane opplæring i digitale ferdigheiter
  • kan orientere seg i nasjonal og internasjonal forsking om digitale medium og ressursar i skulen, og bruke denne kunnskapen i profesjonsutøvinga.
Generell kompetanse
  • kan reflektere over samfunnsfaglege- og profesjonsetiske problemstillingar på eit avansert nivå
  • kan skrive akademiske tekstar
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom variert klasseromsundervisning, seminar og arbeid i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt stor vekt på kritisk refleksjon og diskusjon.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  1. Levere tre arbeid knytt til kompetansemål i emnet gjennom semesteret.
  2. Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Ådne Meling
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Studenten skal skrive ein vitskapeleg artikkel over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følgje vanlege reglar for kjeldebruk og referansar.
2500-4000 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar)
Godkjent av: 
Randi Bergem, 27.02.2023