Semestre
MGL5-10SA3B Samfunnsfagleg utforsking
Emnet legg vekt på studenten si evne til å utvikle problemstillingar som gjer eit godt grunnlag for samfunnsfagleg utforsking. Studenten skal oppøve evne til å ta i bruk digitale verktøy for å rapportere om samfunnsfaglege funn. Emnet vil også øve opp studenten si praktiske evne til å strukturere og skrive gode samanhengande tekstar, og utvikle studenten si evne til å visualisere samfunnsfaglege funn.
Arbeidet med arbeidskrav i emnet vil medverke til å utvikle studenten sine praktiske ferdigheiter knytt til utforsking og skriving i samfunnsfaget. Emnet skal også medverke til å utvikle studenten sine ferdigheiter i kritisk vurdering av samfunnsfagleg forsking og samfunnsfaglege tekstar.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- djupnekunnskap om utforsking knytt til samfunnsfag
- digitale ferdigheiter knytt til utforsking og skriving av samfunnsfaglege tekstar
- inngåande kunnskap om strukturering og skriving av samfunnsfaglege tekstar
Studenten kan
- forholde seg kritisk til samfunnsfaglege tekstar og forskingsartiklar
- finne forsking og erfaringskunnskap som er relevant i samfunnsfag
- formulere gode samfunnsfaglege problemstillingar
- skrive korte artiklar basert på samfunnsfagleg empiri
- visualisere samfunnsfaglege funn
Studenten kan
- reflektere over samfunnsfaglege problemstillingar på eit avansert nivå
- skrive gode akademiske samfunnsfaglege tekstar
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom forelesingar, klasseromsundervisning og arbeid individuelt og i mindre grupper. I undervisninga vert det lagt vekt på utvikling av studentane sin praktiske kompetanse innanfor samfunnsfagleg utforsking og skriving.
- Levere tre arbeid knytt til kompetansemål i emnet gjennom semesteret.
- Krav om 70 prosent frammøte/deltaking til obligatorisk undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §6-6.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 9-4.
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 4 Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Studenten skal skrive ein vitskapeleg artikkel over eit oppgitt tema. Artikkelen skal følgje vanlege reglar for kjeldebruk og referansar. | 2500-4000 ord (ikkje inkludert litteraturliste, illustrasjonar og referansar) |