Semestre

MGL5-10SP1 Spesialpedagogikk1: Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen

Emnekode: 
MGL5-10SP1
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Om emnet

Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 5-10 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng. Dette emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld spesialundervisning. Det skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som har vanskar med å få utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som er karakteriserer forskinga om spesialundervisning. Det er lagt særleg vekt på 5.-10. klassetrinn.

Emnet gir ei innføring i den historiske utviklinga som gjeld spesialundervisninga i skulen, i praksis og i forskingsfeltet, og ein tek føre seg den spesialpedagogiske tiltakskjeda, overordna kunnskap om arbeidsformer og korleis spesialundervisninga fungerer i dagens skule. Desse områda blir drøfta både ut frå lov og regelverk, og ut frå korleis forskinga framsteller desse områda både som ideal og realitet. Det er lagt stor vekt på å skape forståing for og innsikt i omgrepet inkludering i skulen, og for prosessar som er til hinder for eller fremjar inkludering. Dette blir gjort gjennom å gå inn i ei rekkje sentrale omgrep innan spesialpedagogikken, lov – og styringsdokument, og funksjonane til det spesialpedagogiske hjelpeapparatet. 

For å aktualisere forholdet mellom ambisjon og realitetar i spesialundervisninga skal studentane gjennomføre eit feltarbeid i skulen knytt til trinn 5-10. Det starter også prosessen med å utvikle forskingsbasert kompetanse knytt til sentrale spesialpedagogiske problemstillingar i skulen. Gjennom heile prosessen fram til endeleg rapport frå feltarbeidet (eksamensoppgåva), blir studentane følgde tett opp gjennom arbeidskrav som inneheld presentasjonar, tilbakemeldingar og rettleiing. Det er gjort for å sikre ein god progresjon og for å utvikle forståing for dei ulike elementa i ei forskingsbasert tilnærming. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studentane skal ha kunnskap om: 

  • spesialpedagogikk som fagfelt og innhaldet i sentrale omgrep som bl.a. integrering, inkludering, normalitet, avvik, funksjonshemming, diskriminering og lærevanskar
  • den historiske utviklinga av spesialundervisninga i Noreg
  • ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
  • kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt spesialundervisning, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat
  • korleis elevar som får spesialundervisning opplever og vurderer skulen og opplæringa
  • arbeid for god overgang mellom barnehage og skule, mellomtrinn og ungdomstrinn, og ungdomstrinn og vidaregåande opplæring for elevar med særskilte behov 
Ferdigheiter

Studentane skal kunne

  • samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får spesialundervisning på trinn 5-10
  • gjere faglege refleksjonar rundt innhald i litteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
  • analysere og vurdere spesialpedagogiske problemstillingar og tiltak i profesjonsutøvinga
Generell kompetanse

Studentane skal ha

  • god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen.
  • god forståing for samspel og dilemma mellom spesialundervising og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
  • god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for spesialundervisning
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper.
 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Arbeidskrav:

1 Aktiv munnleg deltaking i seminar der studentane skal presentere og drøfte aktuelle kunnskapsgrunnlag for ei gitt problemstilling for eit feltarbeid.

2 Gjennomføre eit feltarbeid i skulen ut frå ei gitt problemstilling og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar. Vere deltakande i fagdrøftingane av resultatpresentasjonane saman med faglærarar og praksislærarar.

3 Levere inn eit utkast til fagtekst for rettleiing

Sensorordning
Maksimumstal: 
45
Emneansvarleg: 
Anne-Kari Remøy
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Ei skriftleg oppgåve på om lag 4000 ord basert på feltarbeidet, jf. arbeidskrava (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg).
4000 ord
Godkjent av: 
Arne Myklebust