Semestre
MGL5-10SP1 Spesialpedagogikk1: Spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for grunnskulelærarutdanning 5-10 i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 15 studiepoeng.
Dette emnet gjeld spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen, og er nært knytt opp til verksemda som gjeld spesialundervisning. Det skal gi studentane ei forskingsbasert innføring i dei utfordringane som gjeld elevane som har vanskar med å få utbyte av den ordinære opplæringa, kva ordningar som er etablerte for denne oppgåva i skulen, korleis desse har fungert og fungerer. Emnet går også inn på kva som karakteriserer forskinga om spesialundervisning. Det er lagt særleg vekt på 5.-10. klassetrinn.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studentane skal ha kunnskap om:
- spesialpedagogikk som fagfelt og innhaldet i sentrale omgrep som bl.a. integrering, inkludering, normalitet, avvik, funksjonshemming og diskriminering
- den historiske utviklinga av spesialundervisninga i Noreg
- ansvarsfordelinga i og funksjonane til den spesialpedagogiske tiltakskjeda
- kva grunnlaget er for at elevar får behov for og blir tildelt spesialundervisning, om korleis desse behova blir møtte og med kva resultat
- korleis elevar som får spesialundervisning opplever og vurderer skulen og opplæringa
- arbeid for god overgang mellom dei ulike klassestega på mellomtrinn og ungdomstrinn, og ungdomstrinn og vidaregåande opplæring for elevar med særskilte behov
Studentane skal kunne
- samle inn data, analysere og drøfte innhald og arbeidsformer i skulen med relevans for elevar som får spesialundervisning på 5.-10. trinn
- gjere faglege refleksjonar rundt innhald i litteratur knytt til spesialpedagogikk, formidle og delta i fagleg samtale med andre om desse refleksjonane
- analysere og vurdere spesialpedagogiske problemstillingar og tiltak i profesjonsutøvinga
Studentane skal ha
- god innsikt i tilhøvet mellom intensjon og praksis i den spesialpedagogiske verksemda i skulen.
- god forståing for samspel og dilemma mellom spesialundervising og ordinær opplæring både på individ- og systemnivå
- god kjennskap til ulike forklaringar på behovet for spesialundervisning
Studentane skal gjennom ei forskingsbasert tilnærming gjennomføre eit feltarbeid i skulen på 5.-10. trinn som vert utgangspunkt for ein prosess fram til endeleg rapport frå feltarbeidet (eksamensoppgåva). Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom undervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid individuelt og i grupper. Studentane blir følgde tett opp gjennom arbeidskrav som inneheld presentasjonar, tilbakemeldingar og rettleiing.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Aktiv munnleg deltaking i seminar der studentane skal presentere og drøfte aktuelle kunnskapsgrunnlag for ei gitt problemstilling for eit feltarbeid.
- Gjennomføre eit feltarbeid i skulen ut frå ei gitt problemstilling og presentere resultat frå feltarbeidet for medstudentar, samt vere deltakande i fagdrøftingane av resultatpresentasjonane saman med faglærarar og praksislærarar.
- Levere inn eit utkast til fagtekst for rettleiing.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Ei skriftleg oppgåve på om lag 4000 ord basert på feltarbeidet, jf. arbeidskrava (føreord, innhaldsliste, litteraturliste og eventuelle vedlegg kjem i tillegg). | 4000 ord |