Semestre
MGL5-10SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 5-10, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.
Dette emnet gir ei innføring i utfordringane for og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på dei eldste elevane i skulen. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, og som tok opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Emnet vil ta opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar i arbeidet både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Dei vanlegaste lærevanskane i skulen er tekne med i dette emnet, og med ein særleg konsentrasjon om ungdomsalderen. Det er lærevanskar knytte til språk, lesing og skriving, til sosiale og emosjonelle vanskar, problemåtferd og psykisk helse.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har forskingsbaserte kunnskapar om
- årsaker til lærevanskar knytte til språk, lesing, skriving, problemåtferd, psykisk helse, korleis desse kan kome til uttrykk, og kva konsekvensar dei kan ha.
- ulike måtar å møte desse lærevanskane på i skulen
- kva tidleg innsats kan ha å seie for elevar med lærevanskar
Studenten
- skal kunne identifisere sentrale forklaringar på at elevar kan ha lærevanskar.
- skal kunne planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med høgfrekvente lærevanskar, særleg for dei eldste elevane
- bruke teoretisk/ forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
- framstille og drøfte faglege problemstillingar innanfor ein vitskapleg tidsskriftsjanger
Studenten
- skal ha innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på klassestega 5-10
- skal kunne meistre ulike teoretiske perspektiv på årsaker til lærevanskar, og korleis desse kan kome til uttrykk i skulen.
Arbeidsmåtane i emnet vil veksle mellom førelesingar, seminar og gruppearbeid. Det er obligatorisk frammøte til all undervisning.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst for ei gitt problemstilling med medstudentar på munnlege seminar.
- Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.
- Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på inntil 2000 ord ut frå gitt problemstilling.
Detaljane i arbeidskrava vert formidla i eit eige skriv ved semesterstart.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 29 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Alle |