Semestre
MGL5-10SP2 Spesialpedagogikk 2: Lærevanskar og spesialundervisning
MGL5-10PE1 Pedagogikk og elevkunnskap 1: Læraren si tilrettelegging for læring og utvikling
Emneplanen er utarbeidd i samsvar med nasjonale retningslinjer for Grunnskulelærarutdanninga , 5.-10. trinn, i faget Profesjonsretta pedagogikk eller Spesialpedagogikk, 30 studiepoeng.
Emnet gir ei innføring i utfordringane for og tilbodet til elevane som har behov for spesialundervisning, med vekt på mellom- og ungdomstrinnet. Det supplerer dermed det første emnet i studiet, som tek opp spesialpedagogikk som fag og forskingsfelt i skulen. Dei mest konkrete utfordringane i spesialpedagogisk verksemd i skulen gjeld elevane som har vanskar med å lære. Dette emnet tek opp kva som kan skape lærevanskar, korleis lærevanskar kjem til syne, kva følgjer lærevanskar kan ha, og korleis møte lærevanskar både i den ordinære opplæringa og i spesialundervisninga i skulen. Det er dei vanlegaste utfordringane knytt til fagleg og sosial læring og utvikling i skulen som vert belyst i dette emnet. Det dreiar seg om psykisk helse, språk-, lese- og skrivevanskar, matematikkvanskar, åtferdsutfordringar og sosiale og emosjonelle behov.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har forskingsbaserte kunnskapar om
lærevanskar knytt til språk, lesing, skriving, matematikk, åtferd, sosialt samspel og psykisk helse
ulike måtar å møte variasjonen i lærevanskane på i skulen
kva tidleg innsats og fortsettande systematisk arbeid kan ha å seie for elevar med lærevanskar
Studenten kan
analysere og identifisere moglege årsakar til eleven sine lærevanskar.
skal kunne planlegge og gjennomføre undervisning for elevar med lærevanskar
bruke forskingsbasert kunnskap til kritisk å velje, formulere, undersøke og analysere spesialpedagogiske problemstillingar
formulere og drøfte faglege problemstillingar på ein kvalifisert måte, munnleg og skriftleg.
Studenten
- har innsikt i korleis ein kan legge til rette læringsmiljøet for elevar med lærevanskar på 5.-10. trinn
- kan meistre ulike teoretiske og forskingsbaserte perspektiv på lærevanskar
Undervisningsformene vekslar mellom plenumsundervisning og seminar med studentaktivitet, arbeid i grupper og individuelt.
Frammøtekrav: Obligatorisk oppmøte til all timeplanfesta aktivitet, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.
Arbeidskrav:
- Studentane skal presentere og drøfte utkast til teoretisk refleksjonstekst for ei gitt problemstilling med medstudentar på munnlege seminar.
- Studentane skal kommentere minst eit utkast til teoretisk refleksjonstekst frå medstudent.
- Studentane skal levere ei teoretisk refleksjonstekst på 2000 ord ut frå gitt problemstilling.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Grunnskulelærarutdanning, trinn 5-10 - master (5 år)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 5 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |