Semestre

MID111 Mediebruk

Emnekode: 
MID111
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Vår
Eksamenssemester: 
2021 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

Emnet presenterer sentrale teoriar om forholdet mellom medier og publikum. Emnet skal gje studentane innsikt både i publikumsforsking innan medievitskap, og strategisk planlegging av medieproduksjon retta mot valt målgruppe. Studenten skal, i samarbeid med faglærar og medstudentar, planlegge og gjennomføre ei empirisk publikumsundersøking.

Undervisninga i emnet vil ta for seg desse hovudpunkta:

  • Utviklinga innanfor publikumsforsking i eit historisk og teoretisk perspektiv
  • Kvalitativ og kvantitativ metode
  • Strategisk planlegging av medieproduksjon
  • Planlegging og gjennomføring av eit mindre forskingsprosjekt som er nært knytt til arbeid med eigen medieproduksjon.
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten skal

  • kunne gjere greie for utviklinga innanfor publikumsforsking, og drøfte ulike syn på publikum i lys av samtida
  • kjenne til ulike metodar som vert brukt innanfor publikumsstudiar
  • kjenne til ulike analyseverkty som vert nytta i strategisk planlegging av medieproduksjon
Ferdigheiter

Studenten skal

  • kunne gjennomføre kartlegging og analyse som del av strategisk planlegging av medieproduksjon
  • kunne planleggje og gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt som involverer bruk av forskingsmetode
Generell kompetanse

Studenten skal

  • kunne sjå samanhengar mellom forsking på publikum og planlegging av eigen medieproduksjon
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Studentane skal, i samarbeid med faglærar, planlegge og gjennomføre eit konkret, empirisk forskingsprosjekt knytta til mediebruk.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk deltaking i undervisninga jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
80 prosent oppmøtekrav.

Sensorordning
Minimumstal: 
15
Maksimumstal: 
40
Emneansvarleg: 
Irene Hillestad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i medieproduksjon
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Kate Kartveit