Semestre
MID111 Mediebruk
Ingen
Emnet presenterer sentrale teoriar om forholdet mellom medier og publikum. Emnet skal gje studentane innsikt både i publikumsforsking innan medievitskap, og strategisk planlegging av medieproduksjon retta mot valt målgruppe. Studenten skal, i samarbeid med faglærar og medstudentar, planlegge og gjennomføre ei empirisk publikumsundersøking.
Undervisninga i emnet vil ta for seg desse hovudpunkta:
- Utviklinga innanfor publikumsforsking i eit historisk og teoretisk perspektiv
- Kvalitativ og kvantitativ metode
- Strategisk planlegging av medieproduksjon
- Planlegging og gjennomføring av eit mindre forskingsprosjekt som er nært knytt til arbeid med eigen medieproduksjon.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal
- kunne gjere greie for utviklinga innanfor publikumsforsking, og drøfte ulike syn på publikum i lys av samtida
- kjenne til ulike metodar som vert brukt innanfor publikumsstudiar
- kjenne til ulike analyseverkty som vert nytta i strategisk planlegging av medieproduksjon
Studenten skal
- kunne gjennomføre kartlegging og analyse som del av strategisk planlegging av medieproduksjon
- kunne planleggje og gjennomføre eit mindre forskingsprosjekt som involverer bruk av forskingsmetode
Studenten skal
- kunne sjå samanhengar mellom forsking på publikum og planlegging av eigen medieproduksjon
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper. Studentane skal, i samarbeid med faglærar, planlegge og gjennomføre eit konkret, empirisk forskingsprosjekt knytta til mediebruk.
Det er obligatorisk deltaking i undervisninga jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
80 prosent oppmøtekrav.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i medieproduksjon
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |