Semestre
MID131 Introduksjon til Media, IKT og design
Emnekode:
MID131
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
30
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2016 Haust
Eksamenssemester:
2016 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Pensum:
Krav til forkunnskapar
Ingen
Om emnet
Emnet har to hovuddelar, ein teoretisk og ein praktisk.
- I den teoretiske delen skal emnet gje ei grunnleggande forståing av medias innhald og dei sentrale reiskapane medievitskapen har utvikla for å studere innhald.
- I den praktiske delen skal emnet setje studentane i stand til å bruke digitale medium som ein effektiv reiskap i sin eigen kvardag, med omsyn til eigenutvikling, formgiving og formidling. Den praktiske delen av emnet er delt i fyljande hovedtema:
- Produksjonsplanlegging og konseptutvikling
- Visuell kommunikasjon
- Foto
- Web
- Bruk av Adobe programvare
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
- Studenten har kunnskap om fagområdet medievitskap og sentrale omgrep og teoriar knytte til analyse av innhaldet i ulike media. Aktuelle stikkord er retorikk, narratologi, semiotikk, dramaturgi, medias publikum og mediepåverknad.
- Studenten har kunnskap om planleggings- og utviklingsmetodikk knytt til ulike medieproduksjonar.
- Studenten har kunnskap om personvern og opphavsrett.
- Studenten har kunnskap om konseptutvikling og visuell kommunikasjon knytt til medieproduksjon.
- Studenten har kunnskap om fototeori og bildehandsaming.
- Studenten har kunnskap om å lage nettsider og bruk av Adobe programvare.
- Studenten har kunnskap om visuell grammatikk og fargelære.
- Studenten har kunnskap om ideutvikling og skissearbeid som del av ein kreativ prosess, og kan bruke visuell grammatikk og fargelære i eige arbeid
Ferdigheiter
Etter første semester skal studentane:
- Kunne planlegge og gjennomføre ein fotoproduksjon, beherske enkel fototeknikk og bildekomposisjon, samt bearbeiding for ulike medium.
- Kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine fotografiske arbeid.
- Kunne planlegge og gjennomføre ein webproduksjon, beherske enkel webdesign.
- Kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine designarbeid.
- Med utgangspunkt i visuell kommunikasjon, kunne planlegge konsept for medieproduksjonar.
Generell kompetanse
Etter første semester skal studentane:
- Forstå og kunne bruke den akademiske skrivesjangeren.
- Kunne utforme produksjonsplanar for medieproduksjonar.
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Det er obligatorisk deltaking i undervisning og praktiske produksjonar. Jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Tidspunkt vil gå fram av semesterplanen.
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Evaluering og kvalitetssikring
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Maksimumstal:
60
Emneansvarleg:
Ivar John Erdal
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Bachelor i Media, IKT og design
- Mediekunnskap årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/2 | Medieproduksjon | ||
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/2 | Omfang 2000 - 2500 ord. |
Godkjent av:
Aud Folkestad