Semestre
MID131 Introduksjon til Media, IKT og design
Emnekode:
MID131
Varighet:
1 semester
Studiepoeng:
30
Studienivå:
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester:
2017 Haust
Eksamenssemester:
2017 Haust
Undervisningsspråk:
Norsk
Krav til forkunnskapar
Ingen
Om emnet
Emnet har to hovuddelar, ein teoretisk og ein praktisk.
- I den teoretiske delen skal emnet gje ei grunnleggande forståing av medias innhald og dei sentrale reiskapane medievitskapen har utvikla for å studere innhald.
- Den praktiske delen av emnet er delt i fyljande hovedtema:
- Visuell kommunikasjon og design
- Foto/video
- Web
Læringsutbytte
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kunnskapar
- Studenten har kunnskap om fagområdet medievitskap og sentrale omgrep og teoriar knytte til analyse av innhaldet i ulike media. Aktuelle stikkord er retorikk, narratologi, semiotikk, dramaturgi og medias publikum
- Studenten har kunnskap om konseptutvikling og visuell kommunikasjon
- Studenten har kunnskap om fototeori og bildehandsaming
- Studenten har kunnskap om å lage nettsider og bruk av Adobe programvare
Ferdigheiter
Etter første semester skal studentane:
- kunne planlegge og gjennomføre ein enkel medieproduksjon.
- kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine medieproduksjonar.
- kunne planlegge og gjennomføre ein webproduksjon, beherske enkel webdesign.
- kunne reflektere over bruk av verkemiddel i eigne og andre sine designarbeid.
Generell kompetanse
Etter første semester skal studentane:
- forstå og kunne bruke den akademiske skrivesjangeren
Praktisk organisering og arbeidsmåtar
Vi legg opp til problembaserte og studentaktive arbeidsformer, individuelt og i grupper.
Vilkår for å framstille seg til eksamen
Det er obligatorisk deltaking i undervisning og praktiske produksjonar. Jfr. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6. Tidspunkt vil gå fram av semesterplanen.
Sensorordning
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Evaluering og kvalitetssikring
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Maksimumstal:
60
Emneansvarleg:
Ivar John Erdal
Emnet inngår i følgande studieprogram
- Bachelor i mediedesign
- Bachelor i medieproduksjon
- Mediekunnskap årsstudium
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Produkt/produksjon | Individuell eller gruppe (etter avtale) | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Medieproduksjon | ||
Oppgave | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 50 | Omfang 2000 - 2500 ord. |
Godkjent av:
Aud Folkestad