Semestre

MID203 Bacheloroppgåve: Media, IKT og design

Emnekode: 
MID203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Vår
Eksamenssemester: 
2017 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MID211 og min. 30 stp fullførte studieretningsemne.

Om emnet

Kandidatane får ei brei yrkesretta utdanning der ein kombinerer praktiske og teoretiske tilnærmingsmåtar knytt til medieproduksjon og mediedesign både i offentleg sektor og i næringslivet. I Bacheloroppgåve-emnet skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig praktisk eller teoretisk arbeid som er relevant i høve den faglege fordjupinga studenten har valt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten har kunnskap om vitskapsteori og mediefaglege metodar.

Ferdigheiter

Kandidaten kan:

  • nyttiggjere seg kunnskapar om medie- og kommunikasjonsteknologi på praktiske og teoretiske problemstillingar
  • grunngje teoretiske og metodiske val og analysere relevante uttrykk
  • kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk eller praktisk akademisk arbeid
Generell kompetanse

Kandidaten kan formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert gjennom forelesningar, seminar og individuelt arbeid med rettleiing. Rettleiar vert oppnemnt etter val av oppgåvetype.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eit individuelt arbeidskrav som skal vere godkjent av faglærar for å få gå opp til avsluttande eksamen. Innleveringstidspunkt, stad og retningslinjer for arbeidskravet går fram av semesterplanen.

Arbeidskravet er å utarbeide tema for bacheloroppgåva, utkast til problemstilling og forslag til kjernelitteratur for bachelorprosjektet. Omfanget skal vere på mellom 500 og 1000 ord. Arbeidskravet dannar grunnlag for tildeling av rettleiar.

I tillegg er det obligatorisk frammøte ved undervisning i emnet. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap 5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kjetil Vaage Øie
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell eller gruppe (etter avtale)
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Bacheloroppgåva er ein individuell oppgåve som er basert på eit sjølvvalt tema. Det vert lagt til rette for ei vurderingsform som samsvarar med bacheloroppgåva si dokumentasjonsform (teoretisk arbeid eller praktisk/teoretisk arbeid).
Ved teoretisk arbeid: Bachelorarbeidet leverast inn skriftleg. Omfanget skal vere mellom 7000 og 10000 ord.

Ved praktisk/teoretisk arbeid: Bachelorarbeidet leverast inn skriftleg, saman med det praktiske produktet i elektronisk form. Omfanget på det skriftlege arbeidet skal vere mellom 5000 og 7000 ord. Omfang på det praktiske produktet vil variere etter produkttype.
Munnleg justerande eksamen
Individuell eller gruppe (etter avtale)
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Det vil bli avvikla avsluttande munnleg eksamen og det gis ein mellombels utgangspunktkarakter som dannar utgangspunkt for den munnlege eksamen.
Den munnlege eksamen tek utgangspunkt i bacheloroppgåva som dannar grunnlag for ein samtale rundt teoretiske, praktiske, metodiske spørsmål knytt til desse samt pensum og sjølvvalt pensum. Gjennom munnleg eksamen vert det mogligheit for justering av utgangspunktkarakteren satt på bacheloroppgåva. Munnleg eksamen utgjer den endelege karakter i emnet
Godkjent av: 
Aud Folkestad