Semestre

MID203 Bacheloroppgåve

Emnekode: 
MID203
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MID211 og min. 30 stp fullførte studieretningsemne.

Om emnet

Kandidatane får ei brei yrkesretta utdanning der ein kombinerer praktiske og teoretiske tilnærmingsmåtar knytt til medieproduksjon og mediedesign både i offentleg sektor og i næringslivet. I Bacheloroppgåve-emnet skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig praktisk eller teoretisk arbeid som er relevant i høve den faglege fordjupinga studenten har valt.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket skal studenten ha følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten skal ha

  • kunnskap om vitskapsteori og mediefaglege metodar
Ferdigheiter

Kandidaten skal kunne

  • planleggje og gjennomføre eit sjølvstendig teoretisk eller praktisk/teoretisk arbeid
  • skrive ei bacheloroppgåve med eit teoretisk og metodisk perspektiv
  • drøfte problemstilling i lys av teori, metode og tileigna kunnskapar
  • nyttegjere seg av andres empiriske data inn mot eiga problemformulering eller produsere og anvende eigen empiri
Generell kompetanse

Kandidaten skal kunne

  • formidle sentralt fagstoff som teoriar, problemstillingar og løysingar gjennom relevante uttrykksformer
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med førelesingar, gruppearbeid, skriveseminar og individuelt arbeid med rettleiing. Rettleiar vert oppnemnt etter val av oppgåvetype.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eitt (1) arbeidskrav. Arbeidskravet er individuelt og skal vere godkjend av faglærar for at studenten får gå opp til avsluttande eksamen. Innleveringstidspunkt, stad og retningslinjer for arbeidskrav vil gå fram av semesterplanen. Arbeidskravet er:

1. Tema for bacheloroppgåva, utkast til problemstilling og forslag til kjernelitteratur for bachelorprosjektet. Omfanget skal vere på mellom 500 og 1000 ord. Arbeidskravet dannar grunnlag for tildeling av rettleiar.

Les om obligatoriske arbeidskrav i semesterplanen. Les om obligatorisk frammøte i gjeldande Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §4-6.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Dag S. Roland
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Bachelor i mediedesign
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Det vert lagt til rette for ei vurderingsform som samsvarar med bacheloroppgåva si dokumentasjonsform (teoretisk arbeid eller praktisk/teoretisk arbeid).
Ved teoretisk arbeid: Bachelorarbeidet leverast inn skriftleg. Omfanget skal vere mellom 7000 og 10000 ord.

Ved praktisk/teoretisk arbeid: Bachelorarbeidet leverast inn skriftleg, saman med det praktiske produktet i elektronisk form. Omfanget på det skriftlege arbeidet skal vere mellom 5000 og 7000 ord. Omfang på det praktiske produktet vil variere etter produkttype.
Munnleg justerande eksamen
Individuell
30 minutt
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Det vil bli avvikla munnleg justering av karakter på det skriftlege arbeidet og det praktiske produktet samla.
Godkjent av: 
Kate Kartveit