Semestre
MUS102 Musikk i barneskulen
Ingen
MUS102 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir fagleg og didaktisk kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldersgruppa 6 - 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Praksis i barneskulen og eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
* Musikalsk utvikling, den musikalske kulturarven, sentrale metodiske metodar.
Studenten har kunnskap om:
- musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn
- den musikalske kulturarven
- musikk som samfunnsfenomen
- musikk som pedagogisk reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
- sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
- gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
Studenten kan:
- nytte aktivitetsformene musikkutøving, komponering og lytting i ein pedagogisk samanheng med barn
- nytte ulike pedagogiske metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar
- planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og treffe og grunngje faglege val
- reflektere over eigen dugleik innan utøving og pedagogisk praksis
- Arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike ensemble
Å kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.Undervisninga vert organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd. Det vert arrangert ei veke musikkdidaktisk praksis i grunnskulen og studietur til Ole Bull Akademiet på Voss.
- Obligatorisk deltaking på studieturen til Voss.
- Praktisk/munnleg gruppeoppgåve i musikkutøving, som gjeld instruksjon og leiing
- Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med skulen sitt kor og/eller orkester
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Musikk - årsstudium
- Musikk - bachelor
- Musikkundervisning for barn og unge
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Gruppe | - | Stått eller ikkje stått | Ein samla, praktisk/munnleg gruppeeksamen i hovudområda musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Individuell vurdering. |