Semestre

MUS102 Musikk i barneskulen

Emnekode: 
MUS102
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Haust
Eksamenssemester: 
2018 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen

Om emnet

MUS102 er eit 15-studiepoengsemne som inngår i årsstudiet i musikk og som del av bachelorprogrammet i musikk. Emnet kan inngå som fritt emne i andre bachelorprogram. Emnet gir fagleg kompetanse for arbeid med musikk med barn i aldersgruppa 6 - 12 år. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Eit kurs i folkemusikk ved Ole Bull-akademiet, Voss, inngår i studiet. Emnet rettar seg inn mot verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

* Musikalsk utvikling, den musikalske kulturarven, sentrale metodiske område.

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • musikalsk utvikling og uttrykk hjå barn
  • den musikalske kulturarven
  • musikk som samfunnsfenomen
  • musikk som reiskap for emosjonell, intellektuell, sosial og kunstnarleg utvikling
  • sentrale musikkpedagogiske metodar, verkty og prosessar på ulike nivå
  • gjeldande planverk for den norske grunnskulen, og særleg læringsmål og kompetansemål for musikkfaget
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • nytte aktivitetsformene musikkutøving, komponering og lytting i arbeidet med barn
  • nytte ulike metodar og verkty som har relevans for musikkfaget i grunnskulen og i andre samanhengar, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnader
  • planlegge og leie musikkfagleg aktivitet åleine og i samarbeid med andre, og treffe og grunngje faglege val
  • reflektere over eigen dugleik innan utøving og praksis
  • arrangere og legge til rette musikalsk materiale med tanke på song/samspel i ulike ensemble
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om obligatorisk frammøte/deltaking.Undervisninga vert organisert som veksling mellom førelesningar, gruppearbeid og individuelt arbeid, praktisk/metodisk utprøving og skapande verksemd.

Vilkår for å framstille seg til eksamen
  • Ei veke med undervisning i folkemusikk og -dans er lagt til Ole Bull Akademiet på Voss. Studentane må sjølve dekkje reiseutgifter ved deltaking på studieturen. Dersom studenten ikkje har høve til å ta del må ein gjennomføre eit alternativt opplegg i samråd med lærar. 
  • Praktisk/munnleg gruppeoppgåve i musikkutøving, som gjeld instruksjon og leiing.
  • Obligatorisk deltaking i øvingar og konsertar med skulen sitt kor og/eller orkester.
Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - årsstudium
  • Musikk - bachelor
  • Vidareutdanning i musikk
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Gruppe
3 Dagar
Stått eller ikkje stått
Ein samla, praktisk/munnleg gruppeeksamen i hovudområda musikkutøving, komponering, lytting og didaktisk refleksjon. Individuell vurdering.
Godkjent av: 
Aud Folkestad