Semestre

MUS143 Musikkfagleg innføring 2

Emnekode: 
MUS143
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Vår
Eksamenssemester: 
2024 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Forkunnskapskrav, emneliste
MUS141 Musikkfagleg innføring 1
Om emnet

Gjennom emnet skal studenten arbeide med å styrke sin faglege kompetanse for å arbeide med musikk, med fokus på følgande hovudområde: praktisk musikkteori og arrangering og komponering, høyrelære, jazz- og populærmusikk som musikkuttrykk og medialisert samfunnsfenomen i fortid og samtid.Kunnskap om musikk i andre kulturar enn den vestlege kunst- og populærmusikken, med perspektiv frå etnomusikologien, inngår også i emnet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten:

  • har kunnskap om praktisk musikkteori og ulike former for musikknotasjon
  • har kunskap om arrangering og besifring av musikk i ulike sjangrar for utøvarar
  • har kunnskap om komponering ved bruk av musikkteknologi
  • kjenner til eit breitt utval musikksjangrar innan jazz og populærmusikk, relevante verkemidlar og framføringspraksisar
  • har innsikt i ulike funksjonar musikken har for individet og samfunnet, og korleis medialisering og ulike verdiar og ideologiar påverkar musikken
  • kjenner til ulike musikkantropologiske grunnomgrep og metodar samt studiar frå etnomusikologien
Ferdigheiter

Kandidaten 

  • kan nytte musikkteoretisk kunnskap i arbeid  med musikkutøving og arrangering 
  • kan komponere og arrangere musikk for  ulike ensemble 
  • kan bruke digital programvare i samband med komponering og arrangering  
  • kan drøfte og demonstrere korleis ulike musikalske element og verkemidlar kjenneteiknar eit utval døme frå jazz, populærmusikken og verdsmusikken  
  • kan drøfte og reflektere kring musikken si rolle for individ og samfunn og korleis musikkantropologisk forsking kan føre til ny kunnskap på fagfeltet 
     
Generell kompetanse

Kandidaten:

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasonar, og presentere fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksmåtar
  • kan planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre
  • kan finne relevant informasjon og kjelder og knytte desse til ei problemstilling
  • kan reflektere over eige fagutøving og justere denne under rettleiing
  • kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesningar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta både klasserom og nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, samspel og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesingar. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. 

Arbeidskrav:

  1. Individuell prøve i høyrelære og musikkteori
  2. Eit munnleg framlegg om korleis musikk og samfunn påverkar kvarandre
  3. Arbeidsmappe i komponering/arrangering - tre individuelle skriftlege arbeid
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Svein Ole Hunnes
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - årsstudium
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Innhald: musikkfiler og skriftleg arbeidskrav.
Godkjent av: 
Unni Hagen