Semestre
MUS143 Musikkfagleg innføring 2
Gjennom emnet skal studenten arbeide med å styrke sin faglege kompetanse for å arbeide med musikk, med fokus på følgande hovudområde: praktisk musikkteori og arrangering og komponering, høyrelære, jazz- og populærmusikk som musikkuttrykk og medialisert samfunnsfenomen i fortid og samtid.Kunnskap om musikk i andre kulturar enn den vestlege kunst- og populærmusikken, med perspektiv frå etnomusikologien, inngår også i emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten:
- har kunnskap om praktisk musikkteori og ulike former for musikknotasjon
- har kunskap om arrangering og besifring av musikk i ulike sjangrar for utøvarar
- har kunnskap om komponering ved bruk av musikkteknologi
- kjenner til eit breitt utval musikksjangrar innan jazz og populærmusikk, relevante verkemidlar og framføringspraksisar
- har innsikt i ulike funksjonar musikken har for individet og samfunnet, og korleis medialisering og ulike verdiar og ideologiar påverkar musikken
- kjenner til ulike musikkantropologiske grunnomgrep og metodar samt studiar frå etnomusikologien
Kandidaten
- kan nytte musikkteoretisk kunnskap i arbeid med musikkutøving og arrangering
- kan komponere og arrangere musikk for ulike ensemble
- kan bruke digital programvare i samband med komponering og arrangering
- kan drøfte og demonstrere korleis ulike musikalske element og verkemidlar kjenneteiknar eit utval døme frå jazz, populærmusikken og verdsmusikken
- kan drøfte og reflektere kring musikken si rolle for individ og samfunn og korleis musikkantropologisk forsking kan føre til ny kunnskap på fagfeltet
Kandidaten:
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasonar, og presentere fagstoff både skriftleg, munnleg og gjennom andre relevante uttrykksmåtar
- kan planlegge, gjennomføre og evaluere arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i samarbeid med andre
- kan finne relevant informasjon og kjelder og knytte desse til ei problemstilling
- kan reflektere over eige fagutøving og justere denne under rettleiing
- kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesningar, praktisk skapande arbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det blir nytta både klasserom og nettundervisning og varierte læringsformer som prosjekt- og seminararbeid, omvendt undervisning, samspel og gruppediskusjonar. Studenten får innsikt i relevante arbeidsoppgåver retta mot ulike kulturfelt, gjennom uformelle praksisavtalar, ekskursjonar og eksterne forelesingar.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 6-6.
Arbeidskrav:
- Individuell prøve i høyrelære og musikkteori
- Eit munnleg framlegg om korleis musikk og samfunn påverkar kvarandre
- Arbeidsmappe i komponering/arrangering - tre individuelle skriftlege arbeid
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4
- Musikk - årsstudium
- Musikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | 1 semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Innhald: musikkfiler og skriftleg arbeidskrav. |