Semestre

MUS201 Musikk i kulturskulen

Emnekode: 
MUS201
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande)

Om emnet

Emnet i instrumentaldidaktikk er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i fordjuping eller vidareutdanning i musikk.

Emnet omfattar hovudområda musikkpedagogikk, generell instrumentalmetodikk og hovudinstrument. Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd i kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • faglege og metodiske element innan instrumentalopplæring
  • didaktiske og metodisk element knytt til undervisning på hovudinstrumentet
  • kulturskulen; innhald og organisering
  • musikkterapi, musikk og helse, musikk og identitet
  • innstudering og framføring i kor og/eller instrumentalensemble
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • framføre eit variert repertoar åleine og i samspel med andre på hovudinstrumentet
  • planlegge, grunngi og leie undervisningsopplegg for elevar i kulturskulen, og tilpasse lærestoff og arbeidsmåtar til elevane sine føresetnadar og interesse
  • reflektere over didaktiske og musikkfaglege utfordringar i undervisningssituasjonen
Generell kompetanse

Studenten har kompetanse i utøvande og pedagogisk verksemd i kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa vil variere mellom undervisning i plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert gitt indivduell undervisning på hovudinstrument. 

Praksis: Det vert lagt til rette for observasjonspraksis i kulturskulen eller vidaregåande skule.

For studentar som ikkje tek emnet Arrangering (MUS212) er det obligatorisk deltaking i høgskulens kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar kan få fritak.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Forprøve:

  • Hovudinstrument: Utøving og undervisningsmetode.
  • Deltaking i kollokviegruppe. 4 mindre skriftlege oppgåver mellom 250-1000 ord.
  • Eitt individuelt skriftleg arbeid på 3000 ord, dette arbeidet går til eksamensmappe. 

Det er obligatorisk deltaking for andre årsstudentar i bachelorgraden på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar har fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Stein Helge Solstad
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Aud Folkestad