Semestre
MUS201 Utøving og formidling 1
Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande)
Emnet "Utøving og formidling 1" er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordupingsemne.
Emnet rettar seg inn mot å leie musikkaktivitet og musikalske prosessar i samfunnsinstitusjonar, det frie kulturliv og privat næring.
Emnet omfattar hovudinstrument og deltaking i kor og/eller orkester.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
- Utvikle seg som utøvar på hovudinstrumentet
- Innstudering og framføring i kor og/eller instrumentalenseble
- Lære å være leiar for musikkaktivitet
- Om musikk og identitet, musikk og samfunn og musikken sin innverknad på helse
Studenten har kunnskap om:
- eige instrument og prosessar om innøving, utøving og leiing av musikalske prosessar
- repertoar
- musikkterapi, musikk og helse og musikk og identitet
- musikk og samfunn
Studenten kan:
- framføre eit variert repertoar åleine og i samspel med andre på hovudinstrumentet
- spele og synge i ensemble
- leie musikkaktivitetar
- grunngi og reflektere over musikkfaglege utfordringar ut frå eigen praksis og musikkfagleg teori
Studenten har kompetanse i utøvande verksemd med utgangspunkt i sitt hovudinstrument, og kan bruke denne kompetansen i samfunnsinstitusjonar,det frie kulturlivet og privat næring.
Organiseringa vil variere mellom plenum og større og mindre grupper. Arbeidsmåtane vil veksle mellom førelesingar, verkstadarbeid, arbeid i grupper og individuelt. Det vert gitt indivduell undervisning på hovudinstrument.
Deltaking i høgskulens kor og/eller orkester.
Arbeidskav:
- Spele eit repertoar på 10- 15 minutt på hovudinstrumentet
- Planlegge, organisere og leie ein musikkaktivitet på 10- 15 minutt
- To mindre skriftlege oppgåver på 500- 700 ord
- Skrive eit refleksjonsnotat med grunngjeving i ein aktivitet frå praktisk arbeid, og med bruk av teori frå pensum, ca 1500 ord
- Eitt individuelt skriftleg arbeid med med bruk av teori frå pensum på 3500 ord som går til eksamensmappe.
Det er obligatorisk deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble kan søkje fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Musikk - bachelor
- Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Veker | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |