Semestre
MUS205 Bacheloroppgåve i musikk
Musikk årsstudium eller tilsvarande og minst eitt emne på fordjupingsnivå i musikk.
Gjennom bacheloroppgåva skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig fagleg arbeid som er relevant i høve til den faglege fordjupinga studenten har valt. Arbeidet med oppgåva skal gi studenten høve til å spesialisere seg innanfor eitt emne. Bacheloroppgåva skal såleis byggje vidare på eit fullført emne på fordjupingsnivå. Studenten skal kunne nytte erverva kunnskap i nye samanhengar og skal nytte relevante metodar i arbeidet. Oppgåva skal vise fagleg fordjuping og god presentasjon av valt emne.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- ei avgrensa musikkfagleg problemstilling, i tillegg til litteratur og andre former for dokumentasjon rundt det valte temaet
- utvikling og forståing for utvalde retningar innan vitskapsteori og metode som har relevans for fagfeltet
Studenten kan:
- planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innanfor fagfeltet
- avgrense problemfeltet, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat, og nytte erverva kunnskap i nye samanhengar
Studenten:
- har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar
- kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i tråd med etiske krav og retningsliner
- kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis
Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under rettleiing av faglærar. Rettleiar vert oppnemnd etter val av oppgåvetype. Det vert gitt innføring i vitskapsteori, metode og oppgåveskriving. Bacheloroppgåva kan dokumenterast anten a) som rein skriftleg oppgåve eller b) som kombinerte, praktisk-skriftlege oppgåver. Uavhengig av kva dokumentasjonsform ein vel, skal bacheloroppgåva innehalde eit dokumentasjonsskriv som presenterer mål, innhald, metode og litteratur som er nytta i arbeidet med oppgåva.
Oppgåvetypane:
Rein skriftleg oppgåve - omlag 25 sider.
Komnbinerte oppgåver: a) Konsert og oppgåve - oppgåve omlag 15 sider, konsert mellom 35 og 45 minutt. b) Kunstnarleg arbeid og oppgåve - oppgåve omlag 15 sider, i tillegg til anna materiale som; notemateriale, lydmateriale, video.
Det er obligatorisk frammøte til samlingar, førelesingar og rettleiing.
Arbeidskrav:
- Det er obligatorisk framlegging i plenumsmøte.
- Sjølvvalt pensum på ca. 300 sider må vere godkjend av rettleiar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
- Musikk - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Bacheloroppgåve | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Det vert gitt ein samla karakter. | a) Rein skriftleg oppgåve. Vurderinga er basert på ei skriftleg oppgåve på 7000-9000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna), og ei munnleg, justerande prøve. b) Kombinert, praktisk-skriftleg oppgåve. Vurderinga er basert på eit kunstnarisk produkt (framføring, komposisjon/arrangement eller CD-produkt), ei skriftleg oppgåve på 5000-6000 ord (litteraturliste og vedlegg ikkje medrekna), og ei munnleg, justerande prøve. Den skriftlege delen skal ta for seg aspekt ved den kunstnariske delen. |