Semestre

MUS205 Bacheloroppgåve i musikk

Emnekode: 
MUS205
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande) og minst eitt emne på fordjupingsnivå i musikk.

Om emnet

Gjennom bacheloroppgåva skal studenten gjennomføre eit større sjølvstendig fagleg arbeid som er relevant i høve til den faglege fordjupinga studenten har valt. Arbeidet med oppgåva skal gi studenten høve til å spesialisere seg innanfor eitt emne. Bacheloroppgåva skal såleis byggje vidare på eit fullført emne på fordjupingsnivå. Studenten skal kunne nytte erverva kunnskap i nye samanhengar og skal nytte relevante metodar i arbeidet. Oppgåva skal vise fagleg fordjuping og god presentasjon av valt emne.

Læringsutbytte

 I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

 

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om ei avgrensa musikkfagleg problemstilling, i tillegg til  litteratur og andre former for dokumentasjon rundt det valte temaet. Studenten skal utvikle forståing for utvalde retningar innan vitskapsteori og metode.

Ferdigheiter

Studenten kan planlegge og gjennomføre eit sjølvstendig utviklingsarbeid innanfor fagfeltet. Dette inneber å kunne avgrense problemfeltet, utforme problemstillingar, bruke kjeldemateriale, presentere og vurdere resultat, og nytte erverva kunnskap i nye samanhengar.

Generell kompetanse

Studenten har innsikt i relevante faglege og yrkesetiske problemstillingar, kan planlegge og gjennomføre arbeidsoppgåver og prosjekt over tid og i tråd med etiske krav og retningsliner, kan utveksle synspunkt og erfaringar med kollegaer og fagfellar og slik bidra til utvikling av god praksis.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Bacheloroppgåva er basert på sjølvstendig individuelt arbeid under rettleiing av faglærar. Rettleiar vert oppnemnd etter val av oppgåvetype. Det vert gitt innføring i vitskapsteori, metode og oppgåveskriving. Undervisninga er lagd til vårsemesteret. Bacheloroppgåva kan dokumenterast som skriftleg tekst, konsert/foredrag, notemateriale, lydmateriale eller videomateriale. Uavhengig av kva dokumentasjonsform ein vel, skal bacheloroppgåva innehalde eit dokumentasjonsskriv som presenterer mål, innhald, metode og litteratur som er nytta i arbeidet med oppgåva.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Det er obligatorisk frammøte til samlingar, førelesingar og rettleiing. 

Arbeidskrav:

  • Det er obligatorisk framlegging i eit av plenumsmøta.
  • Sjølvvalt pensum på 200 sider må vere godkjend av rettleiar.
Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, kap.5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Elizabeth Anne Oltedal
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk (fordjupingsstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Bacheloroppgåve
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Aud Folkestad