Semestre

MUS208 Ensembleleiing

Emnekode: 
MUS208
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2016 Haust
Eksamenssemester: 
2016 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande)

Om emnet

Emnet gjev ei praktisk-teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble. Gjennom observasjon, utprøving og rettleiing i utøvingssituasjonar vil studenten få innsikt i dirigenten sine ulike roller. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: innstuderingsmetodikk, kroppspråk, teknikk og uttrykk, instrumental- og vokalkunnskap, gehørtrening, repertoarkunnskap og partiturstudium.

Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • repertoarval og ulike typar partitur for vokale eller instrumentale ensemble
  • tekniske utfordringar og oppvarmingsteknikk for ulike typar vokal- og instrumentale ensemble
  • innstuderingsmetodikk
  • takteringsmønster og direksjonsteknikk
Ferdigheiter

Studenten er i stand til å:

  • lese og tolke ulike typar partitur for vokale og instrumentale ensemble
  • planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og treffe og grunngje faglege val
  • reflektere over eigne ferdigheiter innan direksjon og innstuderingspraksis
Generell kompetanse

Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Studiet vekslar mellom teoretisk arbeid og praktisk øving. Det blir undervist både i gruppe og som individuell rettleiing. Rettleiing av studentane kan gjerast på grunnlag av videoopptak frå praksisensemble og/eller praksisbesøk av rettleiar/faglærar. Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i gruppe.

Praksis:
Studenten har sjølv ansvar for å skaffe seg plass for observasjons- og direksjonspraksis i relevant ensemble. Dette skal planleggjast i samråd med og godkjennast av faglærar.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning (Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7 - 3).

Arbeidskrav:

  • Studenten skal føre ein refleksjonslogg med utgangspunkt i videoopptak frå minst 3 ulike økter som dirigent med variert repertoar. Kvar av øktene skal fokusere på eitt fagleg perspektiv, og til saman dekke:
    • grunnleggande tekniske ferdigheiter
    • ekspressive verkemidlar
    • innstuderingsmetodikk
  • Studenten skal levere ein rapport med refleksjonsnotat om gjennomført praksisopplegg (ca.1500 ord).
  • Studenten skal førebu og gjennomføre eit sjølvvalt repertoar med vokalensemble eller instrumentalensemble. Ensemble og repertoar skal godkjennast av faglærar.
  • Det er obligatorisk deltaking for studentar på MUS208 på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble har fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.

Sensorordning

Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §5.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
30
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - bachelor
  • Vidareutdanning i musikk, fordjupingsemne
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Praktisk-munnleg eksamen med vokal- eller instrumentalensemble med utgangspunkt i eit førebudd repertoar.
Godkjent av: 
Aud Folkestad