Semesters
MUS208 Ensembleleiing
Musikk årsstudium (MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 eller tilsvarande)
Emnet gjev ei praktisk-teoretisk innføring i dirigering og leiing av kor og andre typar ensemble. Gjennom observasjon, utprøving og rettleiing i utøvingssituasjonar vil studenten få innsikt i dirigenten sine ulike roller. Det vert fokusert på følgjande hovudområde: innstuderingsmetodikk, kroppspråk, teknikk og uttrykk, instrumental- og vokalkunnskap, gehørtrening, repertoarkunnskap og partiturstudium.
Emnet rettar seg inn mot utøvande og pedagogisk verksemd innanfor eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- repertoarval og ulike typar partitur for vokale eller instrumentale ensemble
- tekniske utfordringar og oppvarmingsteknikk for ulike typar vokal- og instrumentale ensemble
- innstuderingsmetodikk
- takteringsmønster og direksjonsteknikk
Studenten er i stand til å:
- lese og tolke ulike typar partitur for vokale og instrumentale ensemble
- planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og treffe og grunngje faglege val
- reflektere over eigne ferdigheiter innan direksjon og innstuderingspraksis
Studenten kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Studiet vekslar mellom teoretisk arbeid og praktisk øving. Det blir undervist både i gruppe og som individuell rettleiing. Rettleiing av studentane kan gjerast på grunnlag av videoopptak frå praksisensemble og/eller praksisbesøk av rettleiar/faglærar. Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i gruppe.
Praksis:
Studenten har sjølv ansvar for å skaffe seg plass for observasjons- og direksjonspraksis i relevant ensemble. Dette skal planleggjast i samråd med og godkjennast av faglærar.
Frammøte: Det er obligatorisk frammøte til all undervisning (Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda § 7 - 3).
Arbeidskrav:
- Studenten skal føre ein refleksjonslogg med utgangspunkt i videoopptak frå minst 3 ulike økter som dirigent med variert repertoar. Kvar av øktene skal fokusere på eitt fagleg perspektiv, og til saman dekke:
- grunnleggande tekniske ferdigheiter
- ekspressive verkemidlar
- innstuderingsmetodikk
- Studenten skal levere ein rapport med refleksjonsnotat om gjennomført praksisopplegg (ca.1500 ord).
- Studenten skal førebu og gjennomføre eit sjølvvalt repertoar med vokalensemble eller instrumentalensemble. Ensemble og repertoar skal godkjennast av faglærar.
Det er obligatorisk deltaking for studentar på MUS208 på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble har fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda §5.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
- Music
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | Praktisk-munnleg eksamen med vokal- eller instrumentalensemble med utgangspunkt i eit førebudd repertoar. |