Semestre

MUS212 Arrangering

Emnekode: 
MUS212
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2021 Haust
Eksamenssemester: 
2021 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 - eller tilsvarande.

Om emnet

Emnet Arrangering er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordjupningsemne. Gjennom praktisk arbeid med varierte arrangeringsteknikkar skal studenten tileigne seg dugleik i å kunne legge til rette bruks-musikalsk materiale for ulike målgrupper. Studiet tek sikte på å gi studentane innsikt, kunnskap, praktisk dugleik og haldningar til framtidig arbeid i skuleverk og i fritidsmusikklivet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • ulike typar instrumentgrupper, m.a. tre- og messingblås, stryk, perkusjon, tradisjonelle bandinstrument og vokal
  • ulike typar ensemble, m.a. kor- og vokalgrupper, komp-gruppe, janitsjarkorps/brassband, strykeorkester, 
  • varierte arrangeringsteknikkar, t.d. blokkharmonisering og harmonisk kontinuitet
  • instrument- og klangbruk
  • relevante termar og omgrep
Ferdigheiter

Studenten kan:

  • arrangere og instrumentere musikalsk materiale for ei rekkje ulike typar instrument og ensemble
  • transponere for ulike typar blåseinstrument og ensemble
  • produsere partitur og notemateriale for ulike typar instrument og ensemble
  • vurdere eigne og andre sine arbeid frå ein arrangement- og instrumentasjonsfagleg synsvinkel
Generell kompetanse

Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organisering og arbeidsmåtar vil veksle mellom førelesingar i plenum, arbeid i større og mindre grupper og individuelt.  Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i kollokviegrupper. Ein vesentleg del av arbeidet på emnet vil dreie seg om å utvikle eigen arrangeringsdugleik. Notasjonsprogram på PC er ein viktig arbeidsreiskap i emnet. Digital undervisning er mulig undervisningsform.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Arbeidskrav:

  • Forprøve i instrumentering og transponering.

Arbeidsmappe:

  • Tre større arbeid: to arrangement og ei instrumenteringsoppgåve.

Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.

Det er obligatorisk deltaking for andreårsstudentar i bachelorgraden på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar har fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester. 

Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
24
Emneansvarleg: 
Leif Magne Barmen
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Godkjent av: 
Unni Hagen