Semesters
MUS212 Arrangering
MUS101, MUS102, MUS103 og MUS104 - eller tilsvarande.
Emnet Arrangering er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av bachelorprogrammet i musikk, eller som fritt emne i musikk, opne fordjupningsemne. Gjennom praktisk arbeid med varierte arrangeringsteknikkar skal studenten tileigne seg dugleik i å kunne legge til rette bruks-musikalsk materiale for ulike målgrupper. Studiet tek sikte på å gi studentane innsikt, kunnskap, praktisk dugleik og haldningar til framtidig arbeid i skuleverk og i fritidsmusikklivet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
- ulike typar instrumentgrupper, m.a. tre- og messingblås, stryk, perkusjon, tradisjonelle bandinstrument og vokal
- ulike typar ensemble, m.a. kor- og vokalgrupper, komp-gruppe, janitsjarkorps/brassband, strykeorkester,
- varierte arrangeringsteknikkar, t.d. blokkharmonisering og harmonisk kontinuitet
- instrument- og klangbruk
- relevante termar og omgrep
Studenten kan:
- arrangere og instrumentere musikalsk materiale for ei rekkje ulike typar instrument og ensemble
- transponere for ulike typar blåseinstrument og ensemble
- produsere partitur og notemateriale for ulike typar instrument og ensemble
- vurdere eigne og andre sine arbeid frå ein arrangement- og instrumentasjonsfagleg synsvinkel
Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng.
Organisering og arbeidsmåtar vil veksle mellom førelesingar i plenum, arbeid i større og mindre grupper og individuelt. Faget set store krav til eige studiearbeid, individuelt og i kollokviegrupper. Ein vesentleg del av arbeidet på emnet vil dreie seg om å utvikle eigen arrangeringsdugleik. Notasjonsprogram på PC er ein viktig arbeidsreiskap i emnet. Digital undervisning er mulig undervisningsform.
Arbeidskrav:
- Forprøve i instrumentering og transponering.
Arbeidsmappe:
- Tre større arbeid: to arrangement og ei instrumenteringsoppgåve.
Det er obligatorisk frammøte til all undervisning. Sjå Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6, om frammøte/deltaking i undervisninga.
Det er obligatorisk deltaking for andreårsstudentar i bachelorgraden på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar har fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §5-11.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Portfolio | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 100 |