Semestre

MUS222 Samspel og ensembleleiing

Emnekode: 
MUS222
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (fordjupingsnivå)
Undervisningssemester: 
2025 Vår
Eksamenssemester: 
2025 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Musikk årsstudium eller tilsvarande. 

Om emnet

I dette emnet blir det fokusert på læringsprosessar basert på deltaking i ulike typar samspel, innstuderingsmetodikk og direksjonsteknikk for vokal- og instrumentalensemble. Studenten skal utvikle leiing- og samspelsferdigheiter og forståing for medverknad i ensemble. Emnet gir kompetanse til å leie musikkaktivitet og musikalske prosessar i eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Kandidaten

  • har brei kunnskap om innstudering og utøving på eit valt fordjupingsinstrument
  • har grunnleggande kunnskapar om prosessar i samspelsgrupper med både notebasert og gehørbasert materiale
  • har kunnskap om innstuderingsmetodikk og repertoar for ulike typar vokal- og instrumentalensemble
  • kjenner til relevant teori, forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
Ferdigheiter

Kandidaten

  • kan framføre eit variert repertoar på eit valt fordjupingsinstrument i samspel med andre
  • kan planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og treffe og grunngi faglege val
  • kan lese og tolke ulike typar partitur for vokal- og instrumentalensemble
  • kan reflektere over og justere eigne ferdigheiter innan direksjon og innstuderingspraksis under rettleiing
Generell kompetanse

Kandidaten

  • kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
  • kan vise samarbeidsevne og ansvarskjensle i utdannings- og yrkessamanheng
  • kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Organiseringa vekslar mellom forelesing, praktisk undervisning i ensembleleiing og deltaking i samspelsgrupper med rettleiing både i gruppe og individuelt. Det blir undervist mellom anna på grunnlag av videoopptak og logg frå arbeid med praksisensemble.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.

Arbeidskrav:

  1. Deltaking i eit ensemble på valt fordjupingsinstrument, publisert blogg om innstuderingsprosess og ei offentleg framføring
  2. Notat om gjennomført observasjon i eit ensemble med dirigent med refleksjon knytt til pensumteori
  3. Refleksjonslogg med utgangspunkt i videoopptak frå to ulike økter som dirigent med variert repertoar, og med fokus på tekniske ferdigheiter, interpretasjon og innstuderingsmetodikk
  4. Deltaking på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble kan søke fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Sensorordning
Minimumstal: 
10
Maksimumstal: 
25
Emneansvarleg: 
Lars Ove Stene Fossheim
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Musikk - bachelor
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Praktisk eksamen
Individuell
1 semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter