Semesters
MUS222 Samspel og ensembleleiing
Musikk årsstudium eller tilsvarande.
I dette emnet blir det fokusert på læringsprosessar basert på deltaking i ulike typar samspel, innstuderingsmetodikk og direksjonsteknikk for vokal- og instrumentalensemble. Studenten skal utvikle leiing- og samspelsferdigheiter og forståing for medverknad i ensemble. Emnet gir kompetanse til å leie musikkaktivitet og musikalske prosessar i eit variert spekter av arbeidsplassar i samfunnet, t.d. grunnskulen, kulturskulen og andre samfunnsinstitusjonar, det frie kulturlivet og privat næring.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Kandidaten
- har brei kunnskap om innstudering og utøving på eit valt fordjupingsinstrument
- har grunnleggande kunnskapar om prosessar i samspelsgrupper med både notebasert og gehørbasert materiale
- har kunnskap om innstuderingsmetodikk og repertoar for ulike typar vokal- og instrumentalensemble
- kjenner til relevant teori, forskings- og utviklingsarbeid innanfor fagområdet
Kandidaten
- kan framføre eit variert repertoar på eit valt fordjupingsinstrument i samspel med andre
- kan planlegge og leie musikkaktivitet med eit ensemble og treffe og grunngi faglege val
- kan lese og tolke ulike typar partitur for vokal- og instrumentalensemble
- kan reflektere over og justere eigne ferdigheiter innan direksjon og innstuderingspraksis under rettleiing
Kandidaten
- kan bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i ulike situasjonar
- kan vise samarbeidsevne og ansvarskjensle i utdannings- og yrkessamanheng
- kan vise evne til refleksjon og kritisk tenking i utdannings- og yrkessamanheng
Organiseringa vekslar mellom forelesing, praktisk undervisning i ensembleleiing og deltaking i samspelsgrupper med rettleiing både i gruppe og individuelt. Det blir undervist mellom anna på grunnlag av videoopptak og logg frå arbeid med praksisensemble.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisning, jamfør Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda.
Arbeidskrav:
- Deltaking i eit ensemble på valt fordjupingsinstrument, publisert blogg om innstuderingsprosess og ei offentleg framføring
- Notat om gjennomført observasjon i eit ensemble med dirigent med refleksjon knytt til pensumteori
- Refleksjonslogg med utgangspunkt i videoopptak frå to ulike økter som dirigent med variert repertoar, og med fokus på tekniske ferdigheiter, interpretasjon og innstuderingsmetodikk
- Deltaking på øvingar og konsertar med høgskulen sitt kor og/eller orkester. Vidareutdanningsstudentar som kan dokumentere deltaking i liknande ensemble kan søke fritak frå deltaking i høgskulen sitt kor og/eller orkester.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Music - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Praktisk eksamen | Individual | 1 Semester | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade |