Semestre
NAMABHG Naturfag og matematikk i barnehagen
Førskule-/barnehagelærarutdanning
I dette emnet skal studenten utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag til å kunne planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere gode naturfaglege og matematiske aktivitetar for og med barn. Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar og dugleik til å legge til rette for gode naturopplevingar for barn, og stimulere barna til undring og utforsking.
Innhaldet i emnet er landskapsformer, geologiske prosessar, evolusjon, biologisk mangfald, berekraftig utvikling, økologi, anatomi og fysiologi, naturkunnskap, årstider, naturen som spiskammers, kjøkken som læringsarena, kosthald- og ernæringslære, fysikkaktivitetar og teknologi i barnehagen, tid og tidsmåling, universet og planetane, utvikling av matematiske omgrep og matematikk som reiskap til utforsking, problemløysing og til å forstå omverda.
I undervisninga blir det fokusert på barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barna varierte erfaringar med tilpassa naturfaglege og matematiske aktivitetar. Kunnskapsbasen i emnet byggjer på naturfag og matematikk, og kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barns naturfaglege og matematiske utvikling. Det blir lagt vekt på barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til emnet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har kunnskap om:
naturvitskaplege arbeidsmåtar og om korleis matematiske omgrep, modellar og tenkemåtar kan brukast til å forstå naturen og naturfenomen
barns matematiske utvikling, undring og utforsking, problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk, og verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk
evolusjon, systematikk, artskunnskap, biologisk mangfald og berekraftig utvikling
anatomi og fysiologi, økologi, økosystem, plantar og dyr i nærområdet og endringar i naturen gjennom årstidene
tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking
barns merksemd i naturen, barns utvikling, læring og opplevingar knytt til bruk av naturen
retningslinjer for mat og måltid i barnehagen, kostvanar hos barn og utfordringar med kosthaldet i barnehagen
korleis nytte matressursar frå naturen og sikre trygg mat i barnehagen
universet, sola, jorda og månen
teknologi og fysiske fenomen knytt til lys, lyd og luft
kvifor landskapet i nærområdet ser ut som det gjer, og korleis geologiske prosessar endrar naturen over tid.
Studenten skal kunne:
gjere naturfaglege observasjonar og undersøke både flora og fauna, ulike landskapselement og naturfenomen
gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analysere, kartlegge og følgje opp barns naturfaglege og matematiske utvikling
ta omsyn til barns merksemd i naturen, vere ein bevisst rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeidet med naturfag og matematikk i barnehagen
organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø der barna blir inspirerte til å utforske naturen, matematiske problem og samanhengar
planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø til ulike årstider
lage gode didaktiske planar i naturfag og matematikk
planlegge, gjennomføre og evaluere mat- og måltidsrelaterte aktivitetar med barn basert på lokale naturressursar
Studenten skal kunne:
kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar knytt til naturfag og matematikk med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere pådrivar for arbeid med desse faga i barnehagen
dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med naturfag og matematikk, og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid i desse faga
vere aktiv i samtidas barnehagefaglege diskusjonar knytt til naturfag og matematikk
vurdere eit kosthald som er helsefremjande, planlegge og gjennomføre kunnskapsbaserte måltid i barnehagen og setje i gang og leie måltidsdiskursar i barnehagen
Undervisninga er organisert med tre samlingar à to dagar per semester, og i tillegg nettundervisning mellom samlingane.
Studenten må òg arbeide sjølvstendig med pensum og pålagde arbeidsoppgåver gjennom heile studieåret.
Vi tek sikte på å bruke element frå mat og helse og kjøkken som læringsarena for matematikk og naturfag.
Delar av undervisninga på samlingane går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt høgskulen og område lenger unna. Studenten må dermed kle seg etter vêr og årstid.
Frammøtekrav:
Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i dette emnet, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 7-3 om frammøte/deltaking i undervisninga.
Arbeidskrav:
I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava.
For meir informasjon om arbeidskrav, sjå § 7-2 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Nærare utdjuping av arbeidskrava vert gitt undervegs i studiet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
400 kr
- Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 Dagar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | 2500 - 3000 ord. |