Semestre

NAMABHG Naturfag og matematikk i barnehagen

Emnekode: 
NAMABHG
Varighet: 
2 semester
Studiepoeng: 
30
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2017 Haust
2018 Vår
Eksamenssemester: 
2018 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Førskule-/barnehagelærarutdanning

Om emnet

I dette emnet skal studenten utvikle eit fagleg og didaktisk grunnlag til å kunne planleggje, tilpasse, gjennomføre og evaluere gode naturfaglege- og matematiske aktivitetar for og med barn. Studenten skal få grunnleggjande kunnskapar og dugleik til å legge til rette for gode naturopplevingar for barn og stimulere barna til undring og utforsking.

Innhaldet i emnet: evolusjon, biologisk mangfald, berekraftig utvikling, økologi, anatomi og fysiologi, naturkunnskap, årstider, naturen som spiskammers, kjøkken som læringsarena, kosthald- og ernæringslære, fysikkaktivitetar og teknologi i barnehagen, tid og tidsmåling, utvikling av matematiske omgrep og matematikk som reiskap til utforsking, problemløysing og til å forstå omverda.

I undervisninga blir det fokusert på barnehagelærarens rolle og ansvar for å gje barna varierte erfaringar med tilpassa naturfaglege og matematiske aktivitetar. Kunnskapsbasen i emnet byggjer på naturfag og matematikk, og kombinerer teoretisk og praksisnær kunnskap om barns naturfaglege og matematiske utvikling. Det blir lagt vekt på barnehagepedagogisk tilnærming og fagdidaktisk forsking knytt til emnet. 

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Studenten har kunnskap om:

  • naturvitskaplege arbeidsmåtar og om korleis matematiske omgrep, modellar og tenkemåtar kan brukast til å forstå naturen og naturfenomen

  • barns matematiske utvikling, undring og utforsking, problemløysingskompetanse og omgrepsutvikling i matematikk, og verdien av å utvikle positive haldningar til matematikk

  • evolusjon, systematikk, artskunnskap, biologisk mangfald og berekraftig utvikling

  • anatomi og fysiologi, økologi, økosystem, plantar og dyr i nærområdet og endringar i naturen gjennom årstidene

  • tal, teljing, rekning, talsystem, måling, rom, form, mønster og symmetri tilpassa aldersgruppa, og matematikk som verktøy for systematisk utforsking og tenking

  • barns merksemd i naturen, barns utvikling, læring og opplevingar knytt til bruk av naturen

  • retningslinjer for mat og måltid i barnehagen, kostvanar hos barn og utfordringar med kosthaldet i barnehagen

  • korleis nytte matressursar frå naturen og sikre trygg mat i barnehagen

Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • gjere naturfaglege observasjonar og undersøke både flora og fauna, ulike landskapselement og naturfenomen

  • gjere greie for korleis ein kan observere, legge til rette for, analysere, kartlegge og følje opp barns naturfaglege og matematiske utvikling

  • ta omsyn til barns merksemd i naturen, vere ein bevisst rollemodell og ein samtalepartnar som framhevar utvikling, læring og danning i arbeidet med naturfag og matematikk i barnehagen

  • organisere eit inkluderande og stimulerande læringsmiljø der barna blir inspirerte til å utforske naturen, matematiske problem og samanhengar

  • planlegge og praktisere trygg og skånsam ferdsel i ulike naturmiljø til ulike årstider

  • lage gode didaktiske planar i naturfag og matematikk

  • planlegge, gjennomføre og evaluere mat- og måltidsrelaterte aktivitetar med barn basert på lokale naturressursar

Generell kompetanse

Studenten skal kunne:

  • kommunisere og drøfte fagleg-pedagogiske problemstillingar knytt til naturfag og matematikk med personalet, føresette og eksterne samarbeidspartnarar og vere pådrivar for arbeid med desse faga i barnehagen

  • dokumentere og evaluere barnehagens arbeid med naturfag og matematikk og ta på seg leiaransvar for utviklings- og kvalitetsarbeid i desse faga

  • vere aktiv i samtidas barnehagefaglege diskusjonar knytt til naturfag og matematikk

  • vurdere eit kosthald som er helsefremjande, planlegge og gjennomføre kunnskapsbaserte måltid i barnehagen og setje i gang og leie måltidsdiskursar i barnehagen

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga er organisert med tre samlingar à to dagar per semester, og i tillegg undervisning på Adobe Connect på to til tre timar per veke mellom samlingane. Det er krav om tilgang til PC eller Mac, web-kamera, hovudtelefon med mikrofon og stabilt internett.

Studenten må òg arbeide sjølvstendig med pensum og pålagde arbeidsoppgåver gjennom heile studieåret.  

Vi tek sikte på å bruke element frå mat og helse og kjøkken som læringsarena for matematikk og naturfag.

Store delar av undervisninga på samlingane går føre seg ute, der ein tek i bruk nærmiljøet rundt Høgskulen og område lenger unna. Studenten må dermed kle seg etter vêr og årstid.

Emnet vert organisert i følgjande seks overordna temaområder:

  1. Naturvitskap – barn og den mangfaldige naturen

  2. Haustens grøde – sortering, mål og vekt

  3. Berekraftig utvikling - klimamodellar

  4. Undring og utforsking i barnehagen

  5. Naturen vaknar til liv – kart, rom og retning

  6. Kretsløpet i naturen – mat frå naturen

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Det er obligatorisk frammøte til undervisninga i dette emnet, jamfør Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 7-3 om frammøte/deltaking i undervisninga.

Arbeidskrav:

I løpet av studiet skal studenten utføre og få godkjend seks arbeidskrav. Studenten må ha tilgang til ei barnegruppe i samarbeid med barnehage og/eller SFO for å kunne gjennomføre arbeidskrava.

For meir informasjon om arbeidskrav, sjå § 7-2 i Forskrift om studium og eksamen ved Høgskulen i Volda. Nærare utdjuping av arbeidskrava vert gitt underveis i studiet.

Arbeidskrav nr 1: Didaktisk planlegging og gjennomføring av ekskursjon til fjøra (evt. ferskvatn) med ei barnegruppe der ein legg til rette for barns undring og utforsking av mangfaldet i naturen, med påfølgjande etterarbeid i barnehagen. Arbeidet skal dokumenterast i ein rapport på 2000 – 2500 ord, der relevant litteratur vert nytta.

Arbeidskrav nr 2: Studenten skal kartlegge nærområdet til barnehagen eller SFO og undersøke korleis dette blir nytta til naturfaglege aktivitetar gjennom året. Studenten skal vidare reflektere over kva for moglegheiter som fins for å vidareutvikle bruken av nærområdet. Med utgangspunkt i nærområdet skal studenten planlegge og leie ein didaktisk aktivitet med tema «Barn og naturen om hausten». Arbeidet skal dokumenterast i ein rapport på 2500 – 3000 ord, der relevant litteratur vert nytta.

Arbeidskrav nr. 3: Artsprøve

Arbeidskrav nr. 4: Studenten skal gjennomføre matematikk- og fysikkaktivitetar i barnehagen eller SFO med vekt på undring og utforsking. Arbeidet skal dokumenterast i ein rapport på 2500 – 3000 ord, der relevant litteratur vert nytta.

Arbeidskrav nr. 5: Studenten skal teste ut «Sapere-metoden» med ei barnegruppe der det blir lagt til rette for undring og utforsking. Arbeidet skal dokumentarast i ein rapport på 1500-2000 ord, der relevant litteratur vert nytta.

Arbeidskrav nr. 6: Mat frå naturen. Studenten skal samle mat frå naturen saman med ei barnegruppe og legge til rette for aktivitetar med sortering og gruppering før matlaginga med ville vekstar. Arbeidet skal dokumenterast i ein rapport på 1500 – 2000 ord, der relevant litteratur vert nytta.

 

Sensorordning

Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11 (http://lovdata.no/forskrift/2014-12-04-1697/%C2%A75-11)

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet vert evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem. (http://www.hivolda.no/hivolda/om-hogskulen/kvalitetsarbeid)

Minimumstal: 
5-7
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Eirik Søvik
Materialavgift

400 kr

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Vidareutdanning i naturfag og matematikk i barnehagen
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
3 Dagar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
Godkjent av: 
Eirik Søvik