Semestre

NF101B Naturfag - Fysikk og kjemi (1-7)

Emnekode: 
NF101B
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Haust
Eksamenssemester: 
2023 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Undervisninga i NF101B, saman med NF102B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for undervising i naturfag i grunnskulen på 1.-7. steg (jf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.- 7. trinn).  

Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, periodesystemet, kjemiske bindingar, kjemiske reaksjonar og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling og grunnleggande ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for oppdagarglede, undring og naturglede, samt utvikle elevane sitt naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen.  

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha 

  • kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag  
  • kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning 
  • kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet  
  • kunnskap om krefter, rørsle og likevekt 
  • kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys  
  • kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet 
  • Kunnskap om atomteoriar, periodesystemet og bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff
  • kunnskap om kjemiske bindingar og kjemiske reaksjonar
  • kunnskap om kjemisk likevekt og syrer og baser
  • kunnskap om varme, uorden og spontanitet. 
  • kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar 
Ferdigheiter

Studenten skal kunne 

  • planlegge, gjennomføre og reflektere over eiga undervisning i naturfag på 1.-7. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på grunnleggande ferdigheiter og nødvendige basisferdigheiter som trengs for å jobba utforskande 
  • gjennomføre praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy 
  • gjennomføre undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Generell kompetanse

Studenten 

  • har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag 
  • kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning 
  • kan legge til rette for overgangen frå barnehage til grunnskulen og frå barnetrinn til ungdomstrinn  
  • kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
  • forstår korleis digital teknologi, digitale læremiddel og læringsressursar kan bidra til å motivere og støtte elevane sin læringsprosess 

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 2 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav

Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).

Arbeidskrav

Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav: 

  • fagrapport frå to laboratorieøvingar 
  • samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid

Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.  

Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet. 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Carlos Magnusson
Studieavgift

Ingen.

Materialavgift

Ingen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Naturfag 1, 1.-7. trinn (nett- og samlingsbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust