Semestre
NF101B Naturfag - Fysikk og kjemi (1-7)
Fullført lærarutdanning
Undervisninga i NF101B, saman med NF102B, skal gje studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for undervising i naturfag i grunnskulen på 1.-7. steg (jf. Nasjonale retningslinjer for grunnskolelærerutdanningen 1.- 7. trinn).
Emnet tek for seg tema i fysikk, kjemi og naturfagdidaktikk. Energi, bølgjer, elektrisitet, astrofysikk, uorganisk og organisk kjemi er sentrale faglege tema. I fagdidaktikk blir det lagt vekt på å utvikle kompetanse og vurderingsevne i å legge til rette for omgrepsutvikling og grunnleggande ferdigheiter i naturfag. Det å kunne legge til rette for oppdagarglede, undring og naturglede, samt utvikle elevane sitt naturfagspråk er ein viktig del av denne kompetansen.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha
- kunnskap om undervisning og læring knytt til elevane si forståing av omgrep, arbeids- og tankemåtar som blir nytta i naturfag
- kunnskap om gjeldande læreplan i naturfag og tilhøvet mellom læreplan, lærebøker, digitale verktøy og eiga undervisning
- kunnskap om sentrale særmerke ved energiformer som bevaring, overføring og kvalitet
- kunnskap om krefter, rørsle og likevekt
- kunnskap om elektrisitet, bølgjer, lyd og lys
- kunnskap om solsystemet og utviklinga av universet
- kunnskap om bygnaden og eigenskapar til vanlege stoff og kjemiske reaksjonar
- formlar og namn på uorganiske sambindingar
- kunnskap om skriving og balansering av reaksjonslikningar, kjemisk likevekt, syrer og baser, elektrokjemi og kolligative eigenskapar til vass-løysningar (osmose)
- kunnskap om varme, uorden og spontanitet
- kunnskap om bygnaden og eigenskapar til organiske sambindingar
Studenten skal kunne
- planlegga, gjennomføra og reflektera over eiga undervisning i naturfag på 1.-7. steg forankra i forsking, teori og praksis og med spesielt fokus på grunnleggande ferdigheiter og nødvendige basisferdigheiter som trengs for å jobba utforskande
- gjennomføra praktisk undervisning i fysikk og kjemi med bruk av relevant utstyr, vurdere nødvendige tryggleikstiltak og gjere målingar og utrekningar med og utan digitale verktøy
- gjennomføra undervisning der teknologi og bruken av digitale verktøy vert knytt til relevante tema i naturfag
Studenten
- har innsikt i naturvitskaplege metodar og tenkemåtar og naturfag si rolle som allmenndannande fag
- kan analysere og bruke gjeldande læreplan i naturfag som utgangspunkt for naturfagundervisning
- kan legge til rette for overgangen frå barnehage til grunnskulen og frå barnetrinn til ungdomstrinn
- kan drøfte og vurdere eigen rolle, praksis og utviklingsmoglegheiter som naturfaglærar
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Mesteparten av teoriundervisninga vil bli gitt via internett. Praktisk undervisning skjer på campus Høgskulen i Volda og det er to samlingar pr. semester, á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Frammøtekrav
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte delar av teoriundervisninga kan bli gjort obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav
Kvar student skal ha fått godkjent følgjande arbeidskrav:
- fagrapport frå to laboratorieøvingar
- samlerapportar frå alt anna laboratoriearbeid
- ei naturfagdidaktisk refleksjonsoppgåve
Detaljar knytt til arbeidskrava vert kunngjorde på Canvas.
Arbeidskrava og oppmøtekravet må vere godkjend for å oppnå eksamensrett i emnet.
Sensur blir gjennomført i samsvar med «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» § 5-11
Ingen.
Ingen.
- Naturfag 1, 1.-7. trinn (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | Stått eller ikkje stått | 100 | Alle | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi) samt ein mindre del (naturfagdidaktikk). Begge hovuddelane må vurderast til stått (karakteren E eller betre) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått. |