Semestre
NF103U Naturfag 2 - Fysikk og kjemi (5-10)
Ingen.
Undervisninga i NF103U, saman med NF104U, tek sikte på å gi studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskulens ungdomstrinn. Emnet tek føre seg tema innan fysikk og kjemi, samt nokre naturfagdidaktiske tema.
Faglege tema:
- fysikk: rørsle og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
- kjemi: kjemisk energi, syrer, basar og bufferar, elektrokjemi og reaksjonar i organisk kjemi
- grøn kjemi og rolla til kjemien i berekraftig utvikling
- biologiske makromolekyl
- sikkerheit i laboratoriet og i anna praktisk naturfagundervisning
Fagdidaktiske tema:
- læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema
- bruk av modellar i naturvitskap
- planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag
- teknologi og programmering i naturfag
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- kunnskap om rørsle og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
- kunnskap om kjemisk energi, syrer, basar og bufferar, elektrokjemi og reaksjonar i organisk kjemi
- kunnskap om grøn kjemi og rolla til kjemien i berekraftig utvikling
- kunnskap om biologisk nedbrytning av plast og miljøsikkerhet
- kunnskap om karbohydrat, lipid, protein og nukleinsyrene DNA og RNA
- kunnskap om å gi undervisning i skulefaget naturfag
Studenten skal:
- ha praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi
- ha ferdigheiter i å gi undervisning om korleis kjemien kan bidra til med overgang til produkt som gir betydeleg mindre negative konsekvensar for klima og miljø
- ha ferdigheiter i å gi undervisning i skulefaget naturfag
- ha ferdigheiter i å gi naturfagopplæring tilpassa den enkelte elev sine evner og føresetnader
- utvikle evne til å sjå naturfaget i samanheng med elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i gjeldande læreplanverk
- utvikle evne til å sjå mulegheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema
- kunne legge til rette for arbeid med teknologi og programmering i naturfag
Studenten skal kunne bruke kunnskapar og ferdigheiter på ein sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å vise samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evna til refleksjon og kritisk tenking.
Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga blir digital. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester, á 3 dagar. Nærmare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.
Fremmøtekrav:
Frammøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte førelesingar kan bli gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).
Arbeidskrav:
Alle arbeidskrav må være godkjende for oppnå eksamensrett i emnet. Detaljar knytt til arbeidskrava blir kunngjort i semesterplanen.
Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:
- levere fagrapport frå to laboratorieøvingar
- levere samlerapportar frå andre laboratorieøvingar
- ei naturfagdidaktisk oppgåve
Sensur blir gjennomført i samsvar med «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» § 5-11
Ingen.
Ingen.
- Naturfag 2, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 100 | Alle | Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått |