Semestre

NF103U Naturfag 2 - Fysikk og kjemi (5-10)

Emnekode: 
NF103U
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2022 Vår
Eksamenssemester: 
2022 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Undervisninga i NF103U, saman med NF104U, tar sikte på å gi studentane fagleg og fagdidaktisk grunnlag for å undervise naturfag i grunnskolens ungdomstrinn. Emnet tar for seg tema innan fysikk og kjemi, samt nokre naturfagdidaktiske tema. 

Faglege tema: 

  • fysikk: bevegelse og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
  • kjemi: varmelære, syrer, basar og bufferar, elektrokjemi, reaksjonar i organisk kjemi
  • rolla til kjemien i berekraftig utvikling
  • biokjemi
  • sikkerhet i laboratoriet og i annen praktisk naturfagundervisning

Fagdidaktiske tema:

  • læring, forståing og undervisning i naturfaglege tema 
  • bruk av modeller i naturvitskap
  • planlegging og gjennomføring av praktisk arbeid i naturfag 
Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne: 

Kunnskapar

Studenten skal ha:

  • kunnskap om rørsle og Newtons lover, mekanisk energi, atom- og kjernefysikk, astrofysikk, fysikk og teknologi
  • kunnskap om varmelære, syrer, basar og bufferar, elektrokjemi og reaksjonar i organisk kjemi. 
  • kunnskap om rolla til kjemien i berekraftig utvikling
  • kunnskap om kjemien til plast og andre materiale
  • kunnskap om stoff i kretsløp
  • kunnskap om karbohydrat, lipid, protein og nukleinsyrene DNA og RNA.
  • kunnskap om å gi undervisning i skolefaget naturfag

 

Ferdigheiter

Studenten skal: 

  • ha praktiske ferdigheiter i nokre grunnleggande naturvitskaplege tema frå fysikk og kjemi 
  • ha ferdigheiter i å gi undervisning i skolefaget naturfag 
  • ha ferdigheiter i å gi naturfagopplæring tilpassa den enkelte elev sine evner og forutsetningar 
  • utvikle evne til å sjå naturfaget i samanheng med elevane sine grunnleggande ferdigheiter slik dei er definert i gjeldande læreplanverk 
  • utvikle evne til å sjå mulegheiter for fleir- og tverrfagleg organisering og undervisning i naturfaglege tema 

 

Generell kompetanse

Studenten skal kunna bruke kunnskapar og ferdigheiter på sjølvstendig måte i utdannings- og yrkessamanheng gjennom å visa samarbeidsevne, ansvarskjensle, og evna til refleksjon og kritisk tenking. 

 

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Emnet er organisert med teoretisk og praktisk undervisning. Hovuddelen av teoriundervisninga blir digital. I tillegg kjem skriftlege arbeidskrav som skal leverast digitalt. Frammøte til den praktiske undervisninga er obligatorisk og består av to samlingar pr. semester, á 3 dagar. Nærare informasjon om dette vil bli gitt i semesterplanen.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Fremmøtekrav:

Fremmøte til all praktisk undervisning er obligatorisk, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_4, §4-1-7). Enkelte forelesningar kan bli gjort obligatoriske, sjå «Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda» (https://lovdata.no/dokument/SF/forskrift/2014-12-04-1697#KAPITTEL_1, §1-3-9).

Arbeidskrav:

Alle arbeidskrav må være godkjente for oppnå eksamensrett på emnet. Detaljar knytt til arbeidskrava blir kunngjort i semesterplanen.

Kvar student skal gjennomføre følgjande arbeidskrav:

  • levere fagrapport frå to laboratorieøvinger 
  • levere samlerapporter frå anna laboratorieøvinger 
  • ei naturfagdidaktisk oppgåve

 

 

Sensorordning
Minimumstal: 
5
Maksimumstal: 
35
Emneansvarleg: 
Carlos Magnusson
Studieavgift

Ingen.

Materialavgift

Ingen.

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Naturfag 2, 5.-10. trinn (nett- og samlingsbasert)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Heimeeksamen
Individuell
6 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
100
Alle
Eksamen er delt i to hovuddelar (fysikk, kjemi). Begge hovuddelane må vurderast til stått (dårlegast karakteren E) for at svaret samla skal kunne vurderast til stått
Godkjent av: 
Arne Myklebust