Semestre
NO112S Språket som kultur
Ingen.
Språket som kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk) og som del av bachelorprogrammet Språk litteratur.
Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
- TP1: Talemål og sosiolingvistikk
- TP2: Skriftkultur og språkhistorie
- TP3: Tekstteori og pragmatikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggjande kunnskap om
- norsk (nordisk) språk i fortid og notid
- språkbruk (pragmatikk) og språkleg (sosial, geografisk og individuell) variasjon
- historiske og sosiale språkendringar
- samiske språk og nasjonale minoritetsspråk i Noreg
Studenten er i stand til å forstå og analysere språk og tekstar i sosial, kulturell og historisk kontekst
Studenten
kan skrive tekstar på korrekt nynorsk og korrekturlese tekstar på nynorsk
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tekstar, med klar struktur og korrekt bruk av kjelder
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere inntil tre (3) individuelle arbeidskrav av eit nærare fastsett omfang innan fastsette fristar. Studenten får kommentarar frå faglærar på kvart av dei innleverte arbeidskrava. Innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk. På grunnlag av tilbakemeldingane på arbeidskrava skal studenten levere ein forbetra versjon av alle arbeidskrava samla til eksamen.
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Historie - bachelor
- Norsk (nordisk) - årsstudium
- Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
- PR, kommunikasjon og media - bachelor
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Heimeeksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Kortsvarsprøve. Svaret skal skrivast på nynorsk. | Alle | |
Mappeeksamen | Individuell | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Mappevurdering. Svaret skal skrivast på nynorsk. Begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakteren E på kvar deleksamen) for at eksamen samla skal vere bestått. | Alle |