Semestre
NO112S Språket som kultur
Ingen.
Språket som kultur er eit 15-studiepoengsemne som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk) og som del av bachelorprogrammet Språk litteratur.
Emnet er sett saman av tre tyngdepunkt:
- TP1: Talemål og sosiolingvistikk
- TP2: Skriftkultur og språkhistorie
- TP3: Tekstteori og pragmatikk
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten har grunnleggjande kunnskap om
- norsk (nordisk) språk i fortid og notid
- språkbruk (pragmatikk) og språkleg (sosial, geografisk og individuell) variasjon
- historiske og sosiale språkendringar
Studenten er i stand til å forstå og analysere språk og tekstar i sosial, kulturell og historisk kontekst
Studenten
kan skrive tekstar på korrekt nynorsk og korrekturlese tekstar på nynorsk
- kan utforme tekstar i samsvar med generelle krav til akademiske tekstar, med klar struktur og korrekt bruk av kjelder
Undervisninga blir gitt i form av forelesingar og gruppearbeid på samlingar ved Høgskulen i Volda. Det blir tre samlingar i løpet av semesteret, kvar på to dagar, med seks timar undervisning kvar dag, i tillegg til ei oppsummeringssamling på éin dag.
Studenten skal levere individuelle arbeidskrav. Studenten skal levere ei oppgåve av eit nærare fastsett omfang innan ein fastsett frist. Studenten får kommentarar frå faglærar, og skal levere ein ny og forbetra versjon av oppgåva innan ein ny fastsett frist. I den andre versjonen skal studenten kommentere dei endringane som er gjort. Begge innleveringane er obligatoriske og skal skrivast på nynorsk.
Det er krav om 75 % frammøte til all timeplanlagt undervisning, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, §4-6.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
- Bachelor i religion og livssyn
- Historie - bachelor
- Norsk (nordisk) - årsstudium
- Norsk (nordisk) - årsstudium (deltid)
- Språk og litteratur - bachelor
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Digital eksamen | Individuell | 3 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 1/3 | Kortsvarsprøve. Nettbasert. Svaret skal skrivast på nynorsk. | Alle | |
Digital eksamen | Individuell | 6 timar | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | 2/3 | Langsvarsprøve. Nettbasert. Svaret skal skrivast på nynorsk. | Alle |