Semestre

NO113S Tekst og struktur

Emnekode: 
NO113S
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2015 Haust
Emnenavn på engelsk: 
Text and structure
Emnenavn på bokmål: 
Tekst og struktur
Eksamenssemester: 
2015 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt: TP1: Lyrikk TP2: Epikk TP3: DramatikkTekst og struktur (NO113S) er eit emne på 15-studiepoeng som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Det er eit basisemne og bør takast som første litterære emne i årsstudiet.

Læringsutbytte

Etter fullført Tekst og struktur (NO113S) skal studenten - kunne gjere greie for sentrale kjenneteikn ved litterære tekstar - ha grunnleggjande kunnskapar om dei litterære hovudsjangrane - vere kjend med sentrale metodiske omgrep og kunne bruke desse i praktisk tekstanalyse - kunne utforme analysen i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling.

Kunnskapar

-

Ferdigheiter

-

Generell kompetanse

-

Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Undervisninga blir gitt gjennom samlingar i Volda: éi for kvart av tyngdepunkta og éi oppsummerande samling (ein dag) i slutten av semesteret. I tillegg kjem oppgåveskriving med individuell rettleiing.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1600 ord (4 sider) i kvart av dei tre tyngdepunkta innan ein fastsett frist. Alle godkjenningsoppgåvene skal skrivast på nynorsk.

Evaluering og kvalitetssikring

Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.

Maksimumstal: 
50
Emnet inngår i følgande studieprogram
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt
Individuell
2 timar
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
1/3
Eksamen er todelt og består av ei individuell kortsvarsprøve på to (2) timar og ein individuell heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Begge deleksamenane er nettbaserte. Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. Ved sensuren blir det nytta bokstavkarakterar, og begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. Ved fastsetjing av endeleg eksamenskarakter tel kortsvarsprøva 1/3, medan heimeeksamen tel 2/3.Begge deleksamenane skal skrivast på nynorsk.
Ei individuell kortsvarsprøve på to (2) timar
Heimeeksamen
Individuell
1 Veker
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
2/3
Ein individuell heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg)
Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta.