Semesters
- 2025 Autumn
- 2024 Autumn
- 2023 Autumn
- 2022 Autumn
- 2021 Autumn
- 2020 Autumn
- 2019 Autumn
- 2018 Autumn
- 2017 Autumn
- 2016 Autumn
- 2015 Autumn
NO113S Tekst og struktur
Ingen.
Tekst og struktur gir studenten ei grunnleggjande innføring i dei litterære hovudsjangrane og i tekstanalyse. Pensum er sett saman av eit utval litterære tekstar, litteraturhistorie, litteraturteori og analysemetode. Emnet har tre tyngdepunkt: TP1: Lyrikk TP2: Epikk TP3: DramatikkTekst og struktur (NO113S) er eit emne på 15-studiepoeng som kan takast som del av årsstudiet i norsk (nordisk), som del av programmet Bachelor i språk og litteratur, som fritt emne i andre bachelorløp og som del av Vidareutdanning for lærarar i norsk, språk og litteratur. Det er eit basisemne og bør takast som første litterære emne i årsstudiet.
Etter fullført Tekst og struktur (NO113S) skal studenten - kunne gjere greie for sentrale kjenneteikn ved litterære tekstar - ha grunnleggjande kunnskapar om dei litterære hovudsjangrane - vere kjend med sentrale metodiske omgrep og kunne bruke desse i praktisk tekstanalyse - kunne utforme analysen i samsvar med elementære krav til argumentasjon og kjeldetilvising i vitskapleg framstilling.
-
-
-
Undervisninga blir gitt gjennom samlingar i Volda: éi for kvart av tyngdepunkta og éi oppsummerande samling (ein dag) i slutten av semesteret. I tillegg kjem oppgåveskriving med individuell rettleiing.
Studenten skal levere eit individuelt arbeid (godkjenningsoppgåve) på om lag 1600 ord (4 sider) i kvart av dei tre tyngdepunkta innan ein fastsett frist. Alle godkjenningsoppgåvene skal skrivast på nynorsk.
Emnet blir evaluert i samsvar med HVO sitt kvalitetssikringssystem.
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Annen vurderingsform, definer i kommentarfelt | Individual | 2 Hours | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 1/3 | Eksamen er todelt og består av ei individuell kortsvarsprøve på to (2) timar og ein individuell heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg). Begge deleksamenane er nettbaserte. Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. Ved sensuren blir det nytta bokstavkarakterar, og begge deleksamenane må vere bestått (dvs. minst karakter E på kvar deleksamen) for at den samla eksamen skal vere bestått. Ved fastsetjing av endeleg eksamenskarakter tel kortsvarsprøva 1/3, medan heimeeksamen tel 2/3.Begge deleksamenane skal skrivast på nynorsk. | Ei individuell kortsvarsprøve på to (2) timar | |
Home exam | Individual | 1 Weeks | A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade | 2/3 | Ein individuell heimeeksamen på éi (1) veke (medrekna helg) | Eksamenssvaret på heimeeksamen skal vere på om lag 4000 ord, og oppgåvene kan gå på tvers av tyngdepunkta. |