Semestre
NO121 Nynorsk i opplæringa 1
Ingen.
Er du interessert i nynorsk og nynorskopplæring? Nynorsk i opplæringa 1 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa.
Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk i og i å undervise i norsk. Studentane skal utvikle eigenkompetanse i nynorsk, kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om:
- den norske språksituasjonen i dag, nynorsk språk, litteratur og kultur
- vurderings- og rettleiingsstrategiar i elevtekster på nynorsk
- relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Studenten skal kunne:
- utvikle og legge til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa
- leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekster i opplæringa
Studenten skal:
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- ha kjennskap til og kunne bruke relevante digitale ressursar
Nynorsk i opplæringa 1 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.
Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre delemne som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.
Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på at studenten tileigner seg pensumstoffet på eiga hand, men også å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling, og der nettbaserte diskusjonsgrupper, e-post og vevtenester står sentralt.
Til kvart delemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk. For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere godkjente.
Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav.
Til kvart delemne må studenten:
- skrive to mindre tekstar på 1 - 2 sider
- gje respons til medstudentar
- skrive ei godkjenningstekst på ca 1600 ord (til saman tre godkjenningstekster)
Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe i Canvas som skal godkjennast av faglærar.
Sensur blir gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11.
Ingen
- Norsk 2, nynorsk i opplæringa, 1.-13. trinn (nettstudium)
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Mappeeksamen | Individuell | Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10%) |
Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.