Semestre

NO121 Nynorsk i opplæringa 1

Emnekode: 
NO121
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2024 Haust
Eksamenssemester: 
2024 Haust
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen.

Om emnet

Er du interessert i nynorsk og nynorskopplæring? Nynorsk i opplæringa 1 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa.

Emnet har eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk i og i å undervise i norsk. Studentane skal kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen, utvikle eigenkompetanse i nynorsk, og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

 Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om: 

  • den norske språksituasjonen i dag og nynorsk språk, tekst og litteratur
  • læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekster på nynorsk 
  • relevant didaktikk for god hovudmåls- og sidemålsundervisning
Ferdigheiter

Studenten skal kunne:

  • utvikle og legge til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede gjennom bruk av nynorsk i opplæringa 
  • arbeide med lesing og skriving som grunnleggjande ferdigheiter i eit nynorskperspektiv
Generell kompetanse

Studenten skal:

  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Nynorsk i opplæringa 1 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.

Nynorsk i opplæringa 1 er delt i tre delemne som vil bli introduserte i kvar sine undervisningsmodular fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, deltaking i læringsplattform og skriftleg refleksjon over fagstoffet. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som vert lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.

Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre. Det blir lagt vekt på at studenten tileigner seg pensumstoffet på eiga hand, men også  å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. 

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Til kvart delemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk. For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere godkjente.

Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav.

Til kvart delemne må studenten:

  • skrive to mindre tekster på 1 - 2 sider
  • gje respons til medstudentar
  • skrive ei godkjenningstekst på ca 1600 ord (til saman tre godkjenningstekster)

Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe i Canvas som skal godkjennast av faglærar. 

          

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Kristin Kibsgaard Sjøhelle
Studieavgift

Ingen

Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk 2, nynorsk i opplæringa, 1.-13. trinn (nettstudium)
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Mappeeksamen
Individuell
Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 3000 ord). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamensvaret skal skrivast på nynorsk.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10%)
Godkjent av: 
Arne Myklebust