Semestre
NO122-813KFK Nynorsk i opplæringa 2
Ingen.
Nynorsk i opplæringa del 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13. Emnet vil ha eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk.
Målet med dette studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på klassestega 8 - 13 i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet. Studentane skal kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen, utvikle eigenkompetanse i nynorsk og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa del 2 har eit kultur- og danningsperspektiv.
Det didaktiske perspektivet er gjennomgåande ved studiet.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om
- nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadmetodikk og grammatikkdidaktikk
- litteratur og litteratuformidling, med vekt på nynorsk barne- og ungdomslitteratur
- språksituasjonen i Noreg i eit internasjonalt perspektiv
Studenten skal kunne
- utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
- leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa
- leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
- bruke læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekstar på nynorsk
Studenten skal
- analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
- bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
- utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Nynorsk i opplæringa 2 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.
Emnet er delt i tre delemne som vil bli introduserte i kvar sine undervisningsmodular fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.
Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, deltaking i læringsplattform og skriftleg refleksjon over fagstoffet, og gjennom utprøving i eige klasserom. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som blir lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.
Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.
Frammøtekrav:
Ingen
Arbeidskrav:
Til kvart delemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk.
Til kvart delemne må studenten
- skrive to mindre tekster på 1-2 sider
- gje respons til medstudentar
- skrive ei godkjenningstekst på 1600 ord (+/- 10 %), (til saman tre godkjenningstekster)
Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.
For å få gå opp til eksamen må alle arbeidskrav vere godkjente.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 9-4.
- Norsk 2, nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Oppgave | Individuell | 1 Semester | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter | Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10 %) |
Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.