Semestre

NO122-813KFK Nynorsk i opplæringa 2

Emnekode: 
NO122-813KFK
Varighet: 
1 semester
Studiepoeng: 
15
Studienivå: 
Bachelor (grunnivå)
Undervisningssemester: 
2023 Vår
Eksamenssemester: 
2023 Vår
Undervisningsspråk: 
Norsk
Krav til forkunnskapar

Ingen. 

Om emnet

Nynorsk i opplæringa del 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13. Emnet vil ha eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk.

Målet med dette studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på klassestega 8 - 13 i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet. Studentane skal utvikle eigenkompetanse i nynorsk,  kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa del 2 har eit kultur- og danningsperspektiv.

Det didaktiske perspektivet er gjennomgåande ved studiet.

Læringsutbytte

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Kunnskapar

Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om

  • nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadmetodikk og grammatikkdidaktikk
  • nynorsk barne- og ungdomslitteratur og litteratuformidling
  • språksituasjonen i Noreg i historisk og internasjonalt perspektiv
Ferdigheiter

Studenten skal kunne

  • utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
  • bruke tenlege vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekstar på nynorsk
Generell kompetanse

Studenten skal

  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • ha kjennskap til og kunne bruke relevante digitale ressursar i undervisninga
  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Praktisk organisering og arbeidsmåtar

Nynorsk i opplæringa 2 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.

Nynorsk i opplæringa 2 er delt i tre tema som vil bli introduserte gjennom nettleksjonar fordelt over eitt semester. Kvart tema vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.

Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, sjølvstudium og skriftleg refleksjon over dette, og gjennom utprøving i eige klasserom. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som blir lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.

Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing, individuelt og i grupper. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.

Vilkår for å framstille seg til eksamen

Frammøtekrav:

Ingen

Arbeidskrav:

Emnet er delt i 3 tema og til kvart tema er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk. 

Til kvart tema må studenten

  • skrive to mindre tekster på 1-2 sider
  • gje respons til medstudentar
  • skrive ei godkjenningstekst på ca 1600 ord (til saman tre godkjenningstekster)

Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.

For å få gå opp til eksamen (15 studiepoeng) må alle arbeidskrav vere oppfylte.

Sensorordning
Maksimumstal: 
50
Emneansvarleg: 
Gudrun Kløve Juuhl
Emnet inngår i følgande studieprogram
  • Norsk 2, nynorsk i opplæringa 8.-13. trinn - Kompetanse for kvalitet
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individuell
1 Semester
A-F, der A er best og E er siste ståkarakter
På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (ca. 1600 ord) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (ca. 3000 ord). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+ - 10 prosent)
Godkjent av: 
Arne Myklebust