Semesters

NO122-813KFK Nynorsk i opplæringa 2

Course code: 
NO122-813KFK
Duration: 
1 semester
Credits (ECTS): 
15
Level of study: 
Foundation level (bachelor’s degree level)
Teaching semester: 
2025 Spring
Assessment semester: 
2025 Spring
Language of instruction: 
Norwegian
Required prerequisite knowledge

Ingen. 

Course content

Nynorsk i opplæringa del 2 er primært retta mot lærarar som underviser i norsk i grunnopplæringa på klassestega 8 - 13. Emnet vil ha eit praktisk og undervisningsorientert perspektiv som vil gi auka kompetanse i nynorsk og i å undervise i norsk.

Målet med dette studiet er at studentane skal kunne drive god opplæring i nynorsk på klassestega 8 - 13 i tråd med intensjonane i Kunnskapsløftet. Studentane skal  kunne vurdere og vidareutvikle eigen undervisningspraksis i nynorsk i høve til læreplanen, utvikle eigenkompetanse i nynorsk og kjenne til og bruke relevant fagleg og fagdidaktisk teori. Nynorsk i opplæringa del 2 har eit kultur- og danningsperspektiv.

Det didaktiske perspektivet er gjennomgåande ved studiet.

Learning outcome

I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:

Learning outcome knowledge

Ved fullføring av dette emnet skal studenten ha kunnskap om

  • nynorsk språkdidaktikk, inkludert språkbadmetodikk og grammatikkdidaktikk
  • litteratur og litteratuformidling, med vekt på nynorsk barne- og ungdomslitteratur
  • språksituasjonen i Noreg i eit internasjonalt perspektiv
Learning outcome skills

Studenten skal kunne

  • utvikle og leggje til rette for god nynorskundervisning, anten nynorsk er hovudmål eller sidemål
  • leggje til rette for og stimulere til skrivelyst og skriveglede ved å bruke nynorsk i opplæringa
  • leggje til rette for og stimulere til leselyst og leseglede gjennom aktiv bruk av nynorske tekstar i opplæringa
  • bruke læringsfremjande vurderings- og rettleiingsstrategiar i arbeid med elevtekstar på nynorsk
Learning outcome qualification

Studenten skal

  • analysere og reflektere over læraren si rolle som modell, som formidlar og rettleiar i ein språksituasjon med ulike språkformer og kulturelt mangfald
  • bruke IKT i undervisninga, både fagleg og didaktisk
  • utvikle sin eigen nynorske tekst- og språkkompetanse gjennom eiga skriving
Working and learning activities

Nynorsk i opplæringa 2 er eit nettstudium på 15 studiepoeng der undervisninga blir organisert på læringsplattforma Canvas. Det er ein føresetnad at studenten disponerer datamaskin med nett-tilkopling.

Emnet er delt i tre delemne som vil bli introduserte i kvar sine undervisningsmodular fordelt over eitt semester. Kvart delemne vil ha ein eigen fagleg profil med tilhøyrande pensumlitteratur og arbeidskrav.

Studentane skal tileigne seg lærestoffet gjennom lesing av pensum, deltaking i læringsplattform og skriftleg refleksjon over fagstoffet, og gjennom utprøving i eige klasserom. Studentane vil få rettleiing og vurdering, og produkta som blir lagde i mapper for endeleg vurdering skal vere resultat av ein prosess der også medstudentar har vore rettleiarar.

Det blir lagt vekt på å skape eit læringsmiljø der studentane lærer gjennom aktiv deltaking og samhandling. Ein stor del av undervisningsressursen vert brukt til nettbasert rettleiing. Studentane skal utvikle eigen rettleiingskompetanse ved å rettleie kvarandre.

Assessment requirements

Frammøtekrav:

Ingen

Arbeidskrav:

Til kvart delemne knyter det seg eigne arbeidskrav. Emnet er delt i 3 delemne og til kvart delemne er det knytt 5 arbeidskrav, til saman 15 arbeidskrav. Alle arbeidskrav skal skrivast på nynorsk. 

Til kvart delemne må studenten

  • skrive to mindre tekster på 1-2 sider
  • gje respons til medstudentar
  • skrive ei godkjenningstekst på 1600 ord (+/- 10 %), (til saman tre godkjenningstekster)

Alle tekstene inngår i ei arbeidsmappe som skal godkjennast av faglærar.

For å få gå opp til eksamen må alle arbeidskrav vere godkjente.

Evaluation system
Maximum number of students: 
50
Person in charge: 
Siri Vågene
Used in other programs
  • Norwegian 2, New Norwegian in education
VurderingsformGrupperingVarighetKarakterskalaAndelKommentarHjelpemidlerOmfang
Oppgave
Individual
1 Semesters
A-F, A is the best grade and E is the lowest passing grade
På grunnlag av godkjent arbeidsmappe får studentane gå opp til eksamen. Eksamensoppgåva blir arbeidd fram gjennom prosessorientert skriving der studentane skal arbeide vidare med ein av godkjenningstekstane (1600 ord, +/- 10 %) og utvide denne til ei eksamensoppgåve (3000 ord, +/- 10 %). Eksamen er altså individuell, men byggjer på ein fagtekst der det i skriveprosessen er gitt respons frå medstudentar og faglærar.

Oppgåva skal leverast elektronisk innan ein fastsett frist. Eksamenssvaret skal skrivast på nynorsk, og tematisere nynorsk i opplæringa.
Eksamensoppgåve på 3000 ord (+/- 10 %)
Approval signature: 
Silje Ims Lied