Semestre
NO322 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 2
NO321 Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk 1
Emnet er andre del av studiet Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk. Emnet er konsentrert om temaa norsk i eit kontrastivt perspektiv, utvikling av munnlege og skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv, mangfaldsperspektiver på oppvekst og læring, antirasisme og bruk av barne- og ungdomslitteratur i ein fleirkulturell skule og barnehage. Det faglege innhaldet skal gje eit teoretisk og didaktisk grunnlag for å kunne bidra til realiseringa av ein antirasistisk, inkluderande fleirkulturell skule og barnehage.
I samsvar med det nasjonale kvalifikasjonsrammeverket har studenten følgjande læringsutbytte etter fullført emne:
Studenten skal ha:
- avansert kunnskap om norsk i eit andrespråksperspektiv, andrespråkslæring og andrespråksundervisning
- inngåande kunnskap om utvikling av munnleg kompetanse i eit andrespråksperspektiv
- grundig kunnskap om skriveforsking og utvikling av skriftlege ferdigheiter i eit andrespråksperspektiv
- brei kunnskap om kultur, sosialisering, identitetsdanning og samarbeidsrelasjonar mellom heimar, skule og barnehage i ein fleirkulturell kontekst
- inngåande kunnskap om rasisme og korleis ein kan utvikle eit antirasistisk læringsmiljø
- avansert kunnskap om bruk av litteratur/læremiddel/pedagogiske opplegg i ein antirastisk, fleirspråkleg og fleirkulturell skule/barnehage
Studenten skal kunne:
- utvikle læringsmiljøet i barnehage og skule på måtar som er tilpassa språkleg og kulturelt mangfald
- meistre andrespråksdidaktikk for tilpassa munnleg og skriftleg opplæring
- nytte språkleg og kulturell kunnskap som ressurs for alle born, unge og vaksne i eit læringsmiljø
- førebygge og avdekke rasisme og sette i gang relevante tiltak for å hindre fordommar, diskriminering og rasisme
- analysere og kritisk vurdere litteratur, læreverk og pedagogiske opplegg i eit andrespråks- og fleirkulturelt perspektiv
- uttrykkje seg godt på norsk i både munnlege og skriftlege faglege framleggingar
Studenten kan:
- engasjere seg i og initiere utviklinga av antirasistisk og tilpassa opplæring i fleirspråklege og fleirkulturelle læringsmiljø
Undervisninga er fordelt på fem samlingar, som kvar gong går over to heile dagar. Arbeidsformene vil variere mellom plenumsundervising, analyse og drøfting av faglitteratur og døme frå praksisfeltet, studentseminar, gruppearbeid og fagskriving. Studentane må ha tilgong til, og kunne gjere seg nytte av IKT-verkty.
• Obligatorisk frammøte på samlingane
• Ein munnleg og digital presentasjon i gruppe
• Ei individuell skriftleg oppgåve på 1200 - 2000 ord
- Deltaking i alle saminara knytt til arbeidskrav
For å kunne gå opp til eksamen i emnet er det ein føresetnad at alle arbeidskrav er fullførte og godkjende. Studentar som har fått Ikkje godkjent på arbeidskrav knytt til seminararbeid eller notatskriving, kan få eitt nytt forsøk. Det er faglærarane som godkjenner arbeidskrava. Det er krav om 70 prosent frammøte til obligatorisk undervising, jf. Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 4-6.
Sensur vert gjennomført i samsvar med Forskrift om opptak, studium og eksamen ved Høgskulen i Volda, § 5-11
- Norsk som andrespråk og fleirkulturell pedagogikk - vidareutdanning på masternivå
Vurderingsform | Gruppering | Varighet | Karakterskala | Andel | Kommentar | Hjelpemidler | Omfang |
---|---|---|---|---|---|---|---|
Munnleg eksamen | Individuell | 30 minutt | A-F, der A er best og E er siste ståkarakter |